søndag 29. mai 2011

Ei øde (kjøkken)øy

Ja, denne øya er øde for ei lita stund. Snart skal den bli fylt med familiemiddagar, leksearbeid, venninnekveldar og koselege samtalar. I dag fekk me endeleg montert benkeplata på kjøkkenøya vår. 3,5 meter med benkeplate og to endeplater blir til ei kokeøy og eit spisebord i eitt. Det heile vart SMASHING=) Skal ta nokre betre bilete når kjøkenet er heilt ferdig. 

Her blir det film og kos resten av kvelden=)


Mønsteret i benkeplata.
 Ynskjer alle ein fortsatt fin kveld!

lørdag 28. mai 2011

Sjakkgolv og World Map

Litt oppdatering fra Blåbærvegen på ein laurdagsaften. I dag fikk veggen til Odin heile verda på trykk. Verda på tapet er ikkje dumt, stilig vart det óg. Ellers så er badet nede og vaskerommet ferdig flisa, så hu hei kor det går:) I morgon er det mønstertapet i stova som skal på plass. Det nærmar seg ferdig hus, det skal bli HÆRLE å få flytta inn.


Vaskerommet

Ha ei fortsatt fin helg=)


søndag 22. mai 2011

Titt tei!

Ja, eg veit det! Fortsatt like slapp på bloggfronten. Dagane går i eitt køyr med maling, tapetesering, golvlegging og kjøkkenmontering. Flislegginga kjem sikkert i gong i morgon, så då skal de få nokre skikkelige bilete etterkvart. I helga har det vore lite aktivitet på huset, ettersom Herr Blåbær vart skada i kneet i fotballkamp denne veka. I tillegg har me lege strake av forkjøling. Kjem sterkare attende. Herr Blåbær reiser på leirskule med elevane sine denne veka, så då blir meg og Odin aleine. Skal kosa oss ekstra:)  Denne veka skal eg ta ein del bilete, så får me håpa på eit bilderas i løpet av veka:)

Loftstova har fått ein vegg grå, samme som i hallen nede.


Ha ei fin veke alle saman=) 
 


fredag 6. mai 2011

Oppdatering - bedre seint enn aldri!!

Hei alle kjekke folk i verdsvevens verd! Beklagar for lite oppdateringar, men her jobbar me meir enn me tek bilete. Har ikkje lyst til å avsløre alt for mykje heller, vil vel helst spara sluttresultatet med skikkelege bilete til dykk. Planen framover er å få fliser på bada, i hallen, på vaskerommet og under kjøkeninnreiinga. Stova oppe og nede manglar framleis tapet, maling og golv. Planen er å komma i hus til skuleferien tek til, veit ikkje heilt om me rekk det, men det er lov å håpa:) Litt bilete må til på ein fredagskveld.

P.S. Sidan bileta er teke med iPhone, er ikkje kvaliteten optimal. Spesielt fargar blir ein del mørkare enn i røynda. Golvet er mykje lysare enn det ser ut til på bileta. Eg skal ta bilete med refleks'n etterkvart, slik at de får eit skikkeleg inntrykk av korleis det ser ut:)
 
Eit av soveromma oppe.

Hallen er ferdig måla, grå.

Kjøkken manglar benkeplate, skuffer, vask og oppvaskmaskin.

Ha ei super helg alle saman:)