Sider

lørdag 29. oktober 2011

Koselaurdag

I dag har familien Blåbær berre kosa seg. Sein frokost, sein lunsj, og sein middag. Litt utetid med Odin har me også hatt. Deilig. Av viktige ting så har me ikkje gjort så mykje anna enn å henge opp lampa frå Riviera Maison. Endeleg! Resultatet vart smashing=) De skal få sjå bilete ettervart. Slenger med nokre bilete av gjesterommet i kveld. No er det sofakos (les; ruging) og fyr i peisen.



 Ha ein super laurdagskveld=)

fredag 28. oktober 2011

Damenes aften


Eg trossa hovne føter, og framtungheita og tok turen på damenes aften på Bohus i går. Kjekke jenter vart med, og me kosa oss og vart inspirerte av Blomster-Finn. Så fekk me handla oss litt forskjellig stæsj til heimen óg. Kjempekoseleg aften=)

God helg alle kjekke der ute:)


onsdag 26. oktober 2011

Heile verda i eit rom






Vanskeleg å få teke bilete av rommet til Odin medan det er ryddig. Det er eit godt teikn, for det betyr at det er mykje leik her inne, og at guten kosar seg på det nye rommet sitt. Verdenskartet har vore stor suksess, og kjempe - lærerikt:)

 Ha ein fortsatt fin kveld=)


torsdag 20. oktober 2011

Voggeord og lunsjgjest

Hei og hopp! Vogga har blitt kvit, og dekorert med nokre søte voggeord, eller var det veggord du sa? Veggord kan nyttast til mykje, eg limte det rett og slett på vogga. Veldig koseleg vart det i allefall. 

Søte Tonje har vore på lunsj av meg i dag. Sat i mange timar å skravla om litt sladder, bloggar, bryllaup!, Chanel (of course), Christian Louboutin, Las Vegas (ho skal dit i desember...HELDIG), havreflarn, baby, pistasjbrownies, Marc Jacobs og at eg er meget meget gravid. Veldig koseleg lunsjdate var det vertfall:)




Tok bilete utan blits, slik at eg slepp å visa min enorme kropp!!;)

torsdag 13. oktober 2011

Lift me!




Lift leigd, og siste innspurt på husmålinga er i gang. Kanskje litt i seinaste laget sa du? Her har det regna omtrent non-stop den siste månaden, så her er det berre å gripa sjansen når finveret sler inn:)  Herr Blåbær er i full sving, medan Fru Blåbær står til tjenseste med kaffi og mat. Oljemaling og gravide er ein dårleg kombinasjon...

Ha ein koseleg kveld=)
 


mandag 10. oktober 2011

Siste innspurt...


 4 veker til termin, og her i huset er det framleis ein del ting som står ugjort med tanke på at det skal komma ein liten baby i hus. Litt småting her og der som skal på plass. I dag har vindauga blitt pussa og mor i huset har fått baka litt. Odin sin bursdag er ikkje så langt unna, dessutan er det lurt å ha litt bakst i frysaren til barselbesøk:) Herr Blåbær er i gong med å mala vogga som min bestefar har laga. De skal få sjå bilete av ferdig resultat. Ellers så kosar me oss med haustferie, fyr i peisen og snart ferske deilige bollar med kanel i svingene.
 
Ha ei fin veke alle kjekke=)


lørdag 8. oktober 2011

Haustferie








Da har familien teke haustferie, medan mor i huset har teke permisjon. Ein liten månad igjen til termin. Huhei som det går! Stille og roleg i heimen i helga. Odin har reist på helgetur med besteforeldra, så då har eg og Herr Blåbær berre kosa oss saman. Skal uansett blir veldig godt å få Odin heim i morgon. Huset er ikkje det same uten han. 

Endeleg har lampa mi komme på plass. Vart veldig nøgd med den. Den er ekstra koseleg å ha på no i haustmørket. 

Me har fyrt opp i peisen, og har tenkt å bli verande på sofaen til langt på kveld:)
Ha ein super laurdagskveld:)

søndag 2. oktober 2011

Kvitrande fin

Min aller fyrste NIB utfordring. Sidan kjøkenkroken er av ein litt spesiell karakter, tenkte eg at eg kunne hiva meg med i konkurransen eg og. Denne tapeten er frå Borås, og den kjem i fleire fargar. Ein blir rett og slett i godt humør av desse søte fuglane:)



 Ha ein fortsatt fin kveld=)