Sider

onsdag 25. april 2012

Pink og Puff



 Det er under tre månader til den store dagen vår og planlegginga er godt i gang. Fekk sendt ut alle invitasjonar i helga, og byrjar no å så smått å få tilbakemeldingar på kven som kan komma. Vart litt fleire gjester enn me hadde tenkt, men eg tenker "the more, the merrier". ;) Kjolen min kjem denne veka...G L E D A R meg veldig til det vertfall. Må passe på å få gøymt den slik at ikkje Herr Blåbær får auge på den. I hallen heng det to små utruleg søte brudepikekjolar med skikkelig puff og rosa sløyfebånd. Veldig koseleg at dei heng der litt. Trur eg må henge dei inn i eit skap veldig snart. No skal eg surfa litt rundt på veven på jakt etter litt dekorasjonsinspirasjon.

Fin kveld til alle:)



tirsdag 24. april 2012

Bling i hallen




Førre veke hadde eg meg ein liten tur på IKEA med min kjære mor. Litt småtteri på handlelista denne gongen. Deriblant ein ny kommode til å ha i hallen, som eg har satt på nokre knottar med skikkelig shine. Gledar meg til kvar gong eg skal på IKEA, og når eg reiser derifrå gledar eg meg til at det er lenge til neste gong! Eg tippar alle som har vore der skjønar kva eg meinar med det. Uansett...byrjar å bli nøgd med korleis det der ut i hallen vår. Har egentleg lyst på ein "Loveseat" ved trappa også, men det får komme seinare.

Ha ein super kveld vidare kjekke lesarar=)

mandag 23. april 2012

Patinagrå




God aften der ute i verdsveven. No kan eg endeleg få visa fram det heimelaga bordet svigerfar har laga til oss. Eg vart berre heilt supernøgd! Etter ein lengre turkeperiode i hallen, fekk det seg to strøk med Lady interiørbeis av fargen patinagrå. Resultatet vart betre enn forventa. Stort og godt bord, hærleg!!

Ha ein fin kveld vidare alle ute i veven!=)

torsdag 12. april 2012

Rockepåske









Hei og hopp og god aften igjen! Liten etterpåskeoppdatering frå meg i kveld. Brukte litt av påsken til Påskerock i Årdal. Heilt fantastisk artig, og håpar det vert til neste år også. Kjekt å vere med på noko som er heilt det motsatte av mammapermisjon. OG veldig kjekt å synga saman med flinkaste Mocijenta mi:)

Litt ting som skal skje framover i heimen no. Alva skal flytte inn på eige rom, og eg held på å innreie rommet hennar. Skal sy gardiner og har tråla rundt på veven etter ein fin sengehimmel. Må lage litt stas for søte Alva:) Stovebordet som svigerfar har laga er også ferdig. So no gjenstår det berre å beise det. Eg vart kjempenøgd med resultatet, skal visa det fram når det er klart. 

Ha ein framleis nydeleg aften :)