tirsdag 22. mai 2012

Mønstret tapet til salgs





Eg har på eit eller anna vis bomma med bestillinga av tapet til TV-kroken då me bygde huset i fjor. Har derfor ein del rullar igjen av denne tapeten. Nok til 1-2 veggar. Kjempefin tapet med svært tjukk og god kvalitet. Mønsteret er trykt i tapeten. Sender gjerne ein prøvebit. Er du interessert i å kjøpa? Send meg ein mail:)

SOLGT

Ha ein fin kveld vidare:)

 


onsdag 9. mai 2012

Prinsesserom

Bilete lånt frå www.lykkemamma.no


 God aften alle ute i veven! Alva er moden for eige rom. Eg føler eg må lage det koseleg til, før eg flytter ho over i nye omgjevnader og i ny seng. Etter litt leiting på veven så fann eg denne nydelege sengehimmelen på lykkemamma.no. I tillegg har eg kjøpt litt stoff på stoffogstil.no, så eg har tenkt å sy gardiner til lille blåbærjenta. Er ikkje noko racer på symaskin, men tenker at dette bør eg fikse. Så trur eg det blir ein liten runde på nye IKEA på Åsane etterkvart. Har sett på ein slags skjenk eg har tenkt ho skal få ha på rommet sitt. Lurt å ta litt etter litt:)

God natt=)