torsdag 30. august 2012

Brudebuketten...





Sukk! Den var berre så utruleg vakker. Ein fin harmoni av rosa og kvite pioner, gammalrosa og dus rosa roser...hadde verken hjerte til å kaste den til vordande bruder i bryllaupet, eller kaste den i bosset. Så eg har hengt den til tørk. Resultatet så langt er ikkje så verst. Ikkje så vakker som den var 14. juli, men likevel eit godt minne. No heng den i stoveglaset og minnar oss på den flotte dagen me hadde. 

Nyt kvelden=)

 

onsdag 29. august 2012

Hallen




God kveld! Tenk at det er torsdag i morgon allereie. Føler tida flyg avstad når ein er på jobb. Det er vel ein bra ting trur eg. Ingen kjedelege dagar på min jobb vertfall. 

Forandring frydar er det noko som heiter. Har funne ut at av og til er det kjekt å byta rundt på ulike ting i heimen. Nesten like kjekt som å kjøpa seg noko nytt.

Fin onsdagskveld til alle i veven=)

tirsdag 28. august 2012

Spøt


 Hei hopp! Føler hausten er i full sving allereie med regn og ruskever. Då er det ingenting som passar betre enn litt spøting på sofaen etter borna er komne i seng. Godt å få tid til slikt igjen etter eit år med babystell og bryllaupsplanlegging. No held eg på med Skappel-gensaren, i ein hærleg rosa farge. Nettopp ferdig med bakstykket, og i full gang med forstykket. Den er strikka med dobbel tråd med to typar Alpakka. Hærleg og mjuk! De skal sjølvsagt få sjå sluttresultatet:)

Ha ein fin tysdagsaften=)


mandag 27. august 2012

Settekasse




 Har heilt gløymt å visa det fine settekassehuset som svigerfar har laga til Alva. Eg skreiv for ei stund tilbake om at eg skulle "pusse det opp". Sidan eg hadde ein del restar etter stubbane eg mala, fekk settekassehuset same farge. Det er mala med Lady Supreme Finish, som gir ei fantastisk blank overflate. I nokre av romma har eg lagt "tapet" som er kjøpt på Kremmerhuset. Håpar Alva får glede av det når ho blir bittelitt større.

Ha ein strålande kveld vidare=)

 


søndag 26. august 2012

Knekkis



God aften! Trass i ein litt slapp sundag, tok eg meg likevel tid til å lage knekkebrød i dag. Er blitt avhengig, og må ha min daglege dose kvar morgon. Dei er kjempegode, knasande gode:) No er det Varg Veum og spøtetid på sofaen etter ei morro fotballøkt med alle Blåbærdamene og fleire kjekke fruer. 

Ha ein fin kveld vidare=)

 


fredag 24. august 2012

Skumring



God aften i veven! Tilbake i jobb etter 10 mnd. heime i permisjon. Godt og vondt på same tid. Kjenner at fredagsfølelsen er ekstra god i dag. Ei koseleg hausttid i møte, stearinlysa er tende igjen. Ville berre innom for å ynskja alle som snik rundt i veven i kveld ei retteleg hærle helg!

torsdag 2. august 2012

Soverommet i bryllupsmodus

Så godt det er med dagar som er heilt blanke. Ingen planar. I dag har me hatt ein sånn dag. Fornuften tok meg etter litt for lang sofaøkt i dag tidleg, så no er huset reint for helga. Det føles ikkje så verst det heller. 

Det har også vore besøksrekord på bloggen i desse dagar. Får tippa det er alle dei flotte bileta som får ta æra for det. Kjekt at så mange vil lesa bloggen min:)

Fotografen vår for dagen gjorde eit grundig forarbeid før sjølve brudefotograferinga. Me møtte han nokre dagar i forvegen for å finne fine locations for fotografering. I tillegg var han her i Blåbærvegen for å ta bilete av berre kjolen. (Eit bilete av Linda-med-den-hjelpande-gardin-flytte-hånda måtte eg også ta med.) 

Under ser de resultatet - nydeleg!



























Kos deg!

 

onsdag 1. august 2012

Bryllup 14.07.12 - del 4

Hei alle ute i veven. Eg køyrer rett og slett på med ein bileterunde til i kveld. Må i same slengen rose fotografen vår for dagen, Christian Blom, CBFoto, som har teke heilt fantastiske bilete. Det eg viser til dykk her på bloggen er berre ein liten brøkdel av alle dei bileta han tok av oss. Me er strålande nøgde=) 











 Ha ein fin kveld vidare!