fredag 26. oktober 2012

Den fyrste snøen...


...kom til Blåbærvegen i går kveld. No ligg det eit kvitt teppe over bygda. Veldig koseleg igrunn, trass i at det er litt for tidleg. Kjem nesten i julestemning, og vart nesten freista til å kjøpa noko julepynt når eg var i butikken i dag. Nei, det får vente ei stund til...kanskje;) Innekos er det vertfall i kveld. Masse levande lys, fyr i peisen og spøt på fanget. Hærle!

Kos deg, og ei riktig god helg=)



tirsdag 23. oktober 2012

Jenterommet



God kveld ute i veven! Liten snartur innom i kveld. Godt med ein frikveld for den travle småbarnshusmora. Full fart om dagane med jobb, trening og handballkampar. Alva kosar seg vertfall stort heime med Herr Blåbær. Og etterkvart byrjar rommet til lille frøken å ta litt meir form. Leiker er det nok av, og det meste er å finna strødd rundt over alt. Kanskje litt tidleg å forlange rydding enno:)  No skal eg nyta kvelden vidare med litt spøting og TV. Hærleg!

Kos deg vidare du og =)

søndag 21. oktober 2012

Ryddesøndag...


...i dag har det vore ein svært effektiv dag i Blåbærvegen. Har rydda i skap og skuffer, noko som har vore behov for lenge. Ein boss-sekk med klede som blir sendt til nokon som treng dei meir enn oss har blitt fjerna. Deilig! Ellers har det vore veldig godt med ei roleg helg, og familietid. Så får eg sjå om eg ikkje skal få unna takkekorta også etterkvart denne veka. No er det Farmen-tid etter ei god fotball økt med "Søndagsfruene".

Ha ein fortsatt fin søndag=)

søndag 14. oktober 2012

At last...


...endeleg vart eg ferdig. Stor glede i heimen at eg endeleg fekk gjort meg ferdig med eit av prosjekta mine. Så no er det berre å bretta opp armane å hiva seg rundt å ta til med neste. Det må bli takkekorta. Eit par effektive kveldar, så bør eg vel vere i boks. Har til og med byrja på ei miniutgåve av Skappel-gensaren til Alva. Hadde restegarn etter min, så då tenkte eg at eg kunne miksa i saman ein til ho óg. 

Haustferien over for i år. Jobb igjen i morgon. Men før det blir det morofotball med fruene, Farmen og Varg Veum.

Ha ein fin sundagsaften alle=)


fredag 12. oktober 2012

Haustferie



God kveld i veven! Både Blåbærfamilien og bloggen har teke haustferie denne veka. Men no er me tilbake for fullt, vertfall her inne. Herr Blåbær har vore på kollegatur til Wien i byrjinga av ferien og kom tilbake med mange fine gåver til gjengen i Blåbærvegen...koseleg. Godt å få han heim igjen var det óg, trass i at eg har kosa meg med ungane dei dagane han var vekke. Resten av haustferien, som egentleg var fullbooka av aktivitetar, har vore fyllt med blanka dagar. Ingen planar! Det har rett og slett vore HÆRLEG! Resten av helga skal også vere slik. Så no ser det ut som eg faktisk blir ferdig med Skappel-gensaren. Har til og med komme i gang med takkekortskrivinga...yeah! 

Kaldt er det også...og ingenting er koslegare enn knitring frå peisen om kveldane. Blir varmt her inne i kroken. Og det har oss ingenting i mot.

Vonar du får ei HÆRLEG helg, planar eller ei =)

 

onsdag 3. oktober 2012

Tidsknipe...




Etter at helgane våre har vore fulle av kjekke ting for tida, og kvardagen til tider er litt for hektisk, har det vore slappe tilstandar med tanke på spanande fornyingar i heimen. Føler eg har blitt hengande etter med mange ting eg kunne tenkt meg å få gjort unna. Tallerkenhyllene som eg skulle mala er framleis trekvite, Skappel-gensaren er enno ikkje ferdig, takkekorta ligg ferdig stabla klare til å få takkeord og helsingar på seg og ein del andre småting som skal ordnast i heimen ligg på vent. Får trøsta meg med at det er rolegare tider i vente, så då får arbeidsånden koma til Blåbærvegen igjen. Kanskje nytta haustferien til noko fråfallande arbeid sa du? Nei, haustferien er også fullpakka med kjekke ting som skal skje. Så etter den...då er me klare.

Ha ein fin kveld=)