Sider

tirsdag 16. juli 2013

Detaljar




God kveld i heimen! Ein liten tur innom for sei hei og for å visa dei fine pom-poms'a eg har hengt opp på rommet til Alva. I dag har me hatt ein skikkeleg ryddedag inne, sidan vêret ute er så trist. Regn, regn og atter regn. Kjedeleg! Uansett, me har rydda rommet til Odin, og bytta litt plass på møblar. Vart fint! Så har me kasta ein haug med rusk-rask leiker, og pakka vekk det me skal gje vekk til andre born som treng det meir enn Odin. Har tilsamen pakka ned tre bossekker med klede og leiker som me skal gje vekk. Det blir henta i september, og blir frakta nedover og austover i Europa. Får ei god kjensle av slikt:) 

Håpar du har ein fin kveld der du er, regnvêr eller ei =)

Linda

2 kommentarer:

  1. Eg gjore det på Torsdag, sendte nedover klede som meste parten va ubrukte, alt i fra sko til kjoler, sender dei til dei som treng deg,, aktiv barnehjelp, :):) god kjensle::):)

    SvarSlett
  2. Så fine, rosa pompoms! Tenker du har ei fornøyd lita jente i hus nå ;-) Og nydelig navn på Alva!

    Fin dag til deg. Klem Monica.

    SvarSlett