Sider

onsdag 30. januar 2013

Loftstove i dagslys





Planleggingsdag i BHG i dag, så meg og Alva har hatt ein koseleg heimedag saman. Mykje leik og kos har me fått tid til. I tillegg har eg fått tatt nokre bilete i dagslys. Har vore mange mørke bilete den siste tida, så i kveld kjem det nokre av den lyse sorten. Har fått ein del spørsmål om eg kan visa fram loftstova vår. Den trur eg faktisk ikkje eg har delt her før. Vertfall ikkje sidan me flytta inn i huset. Eg kan seie at dette er den mest uferdige delen av huset. Planen er å lage ein kontor-/bibliotekdel, som lærarane Herr og Fru Blåbær kan nytta til skulearbeid. Har egentleg ein konkret plan på korleis det skal bli, men som med alle andre ting i eit stort nytt hus; ting tar tid! 
 
Ha ein framleis fin aften=)

 


lørdag 26. januar 2013

Kos på kjøkkenet




Endeleg har me landa på sofaen. Ein lang dag med masse på timeplanen. Huset har blitt fått sin vekentlege finpuss og eg har spelt handballkamp i Sogndal. Enda med tap i dag óg. Kjedelege greier. No sit eg å kjenner på kor eg byrjar å få vondt. Tek nokre timar før ein stivnar og blåmerkene kjem til syne. Ikkje noko kjære mor å spela handball nei. Men morro er det uansett. Når ein har tatt seg ut, smakar sofaen enda betre også:) Huset har framleis ein "touch of pink", og Hortensiaen på kjøkkenet trivst godt...enn så lenge. Eg er ikkje så flink med Hortensia. Dei pleier å dø ganske fort når dei kjem i mine hender. Har vore flink å vatne til no, så eg lyt berre krysse fingrane og håpe på at den lev ei stund til.

Ha ein strålande laurdagskveld alle ute i veven=)

lørdag 19. januar 2013

Vis oss din TV






Hei hopp! Sånn har me det i TV-kroken vår. Plassen som ein nyttar mykje tid i. TV er eigentleg ikkje noko vakker sak. Når me bygde huset kjøpte me oss ny led TV. Den er tynn og me har hengt den opp på veggen. Når me i tillegg har skjult ledningane i veggen, ser det ikkje så verst ut. Blir nesten som eit bilete som heng lågt, ikkje vakkert, men me klarar oss ikkje uten ein TV nede i 1. etasjen. Vertfall ikkje på kalde dagar med koselege flammar i peisen. No er det sofa og TV-tid på Herr og Fru Blåbær.

Kos deg vidare i TV-kroken din du óg=)

fredag 18. januar 2013

A touch of pink






God aften i veven! Brrrrr....eit ord å seie om vêret for tida, K A L D T! Den siste veka har gradestokken vore kring 15 blå, kvar dag. Alva stakkar har ikkje vore utanfor ei dør sidan før forrige helg. Uansett, kaldt ute = koseleg og varmt inne. Peisen er varm kvar kveld, og huset har blitt oppgradert med litt rosa effektar. Blir så utruleg glad av rosa. Hurra for rosa! Treng litt glade fargar i den fortsatt mørke tida. Heldigvis er det lyse dagar i møte.

Ha ein framleis fin kveld, og GOD HELG=)

mandag 7. januar 2013

Glitter i kvardagen




Jula i huset forsvann forrige veke. No er sviblar bytta ut med roser, julekuler med ingen kuler, raudt med rosa, julecookies med knekkebrød, julekjolen med treningsklede og julestress med januar-ro. Både godt og vondt på same tid. Eg har beholdt litt glitter og glam enno. Greier ikkje heilt å gje slepp på det, er så stusseleg i heimen etter alt er pakka ned. Men ingenting er vel i vegen for å ha litt glitter heile året?  Koseleg er det uansett. 

Ha ein fin-fin kveld=)

 

lørdag 5. januar 2013

Blåbærvegen - kavalkade 2012


Hei og godt nytt år alle kjære lesarar. Ser at det er mange innom og les kvar dag. Så det på sin plass å beklage den lengre pausen eg har hatt frå bloggen. Det var i grunn ikkje planlagt, men bloggen tok ein liten juleferie. Me har storkosa oss heile jula med julefest i Blåbærvegen på julafta, og resten av ferien heime hjå kjære mor og far i Årdal. Tenker det er på sin plass med ein liten nyttårskavalkade, så eg har snekra saman eit lite innlegg til alle mine trufaste følgjarar. Kos deg vidare i aften. Kjem sterkare tilbake framover. 



Litt utstilling i kjøkkenskåpa av nokre av julegåvene me fekk i 2011.
Byrja å strikke eit putetrekk i januar...
...gav opp, så det enda opp som lampeskjerm:)

Vart tid for litt baking til trivelige besøk på vinteren.

Fekk stubbar av svigerfar, prosjekt nattbord var i gang.

Fastelavensbollar:)
I mars hadde me barnedåp for Alva.

Stubbane ferdige, rosa og fine. Og ja, Herr Blåbær sin er også rosa.

Odin fekk seg tallerken-bokhylle, laga av svigerfar.

Og me fekk heimelaga bord av svigerfar. Beisa med patinagrå frå Jotun.

Fornying av hallen på våren.

På våren var også bryllaupsplanlegginga godt i gang.

Alva flytta på eige rom, og mor i huset sydde gardiner og dynetrekk.

Svært spent brud, ladar opp til den store dagen.

14. juli! Me blir herr og fru på ordentleg. Eit minne for livet.

Nøgd brud:)

Hjerte!

Knekkebrødbaking for sunnare dagar etter ferien.

Eg byrja å strikka den populære Skappel-gensaren.

Brudebuketten vart turka.

Me fekk oss ein ny besteven på kjøkenet.

Huset vart hausta opp med levande lys og haustblomar.

Blåbærvegen-bloggen vart kjendis for ein dag med film-artikkel på bt.no. Du kan sjå den her.

Fluffy lampe flytta inn.

Cupcakes til min kjære far sin 50-års fest.

Skappel-gensaren vart endeleg ferdig.

Alva fekk seg ny skjenk på rommet sitt.

Alva 1 år.

Odin 8 år.

Julestriden byrja seint i november.

Årets peparkakehus.

Julepynt i heile huset.

Gull og glitter.
Årets julefestbord


Stor nyttårsklem frå