Sider

lørdag 29. juni 2013

Maletid


God kveld i heimen. Huset vårt har faktisk berre fått eit strøk med maling på seg. Då me flytta inn i huset for to år sidan måla me det fyrste strøket. Sidan eg var gravid, gjekk det ikkje så fort i svingane. I fjor var det bryllaup som fylte opp heile ferien, så då rakk me ikkje å ta det andre strøket. Det betyr at Herr og Fru Blåbær lyt brette opp erma, og ta fatt i malepenslane neste veke. Huset ser ikkje så aller verst ut med eit strøk, men eg trur ein kjem til å sjå stor forskjell når me er ferdige. Me målar med fargen "Eggehvit". Fargen ser kvit ut, men er ikkje så skarp som kvit. Dette må vel bli bra?

No har eg besøk av mi kjære syster, så har ikkje tid til å henge innpå her for lenge. No skal me kosa oss.

Kos deg du òg=)


 

onsdag 26. juni 2013

Lysare tider




Hei alle kjære der ute i veven! Det er så lenge sidan eg har blogga, at eg nesten har gløymt korleis eg gjer det. Pausen var i utgangspunktet ikkje planlagt, men når vekene gjekk, bestemte eg meg for å ta ein pause. Travel småbarnsmor med lite å blogga om. Eg vil ikkje berre blogga for å blogga. Eg har lyst til at det skal vere kjekt for alle lesarane også. Eg håpar de framleis vil følga bloggen, trass min slappe periode. 

No har eg lang ferie framfor meg, og har god tid til å vere småbarnsmor og blogga i tillegg :)

Vinteren har vore lang i Blåbærvegen, sikkert like lang for meg som for deg. Ein ting som er heilt sikkert, det er at no er det lyst, og det er sommar (eller nesten vertfall, sola har ikkje lyst til å komma fram for tida). Eg elskar det!

Ynskjer alle ein fin sumarskveld =)