Sider

Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bad. Vis alle innlegg

lørdag 13. august 2011

Bad 2. etg

God aften! No har eg akkurat hengt opp gardiner på soverommet vårt. Slik er det eg nyttar laurdagskveldane mine no. Har vore meir nettlause i det siste, så eg har diverre ikkje fått komme med fleire bilete. No har me endeleg fått nett igjen, og vonar det blir verande permanent framover. (Nettleverandøren har ikkje spelt heilt på lag med oss.) Badet i 2. etg, som også er hovudbadet vårt, er me ganske så nøgde med. Gråe fliser, høgglansa innreiing og badekar med løveføter:) Eit lite bilete til slutt av meg og den stadig voksande magen;)



 God natt alle kjekke der ute!


onsdag 3. august 2011

Badet i 1. etg

God kveld alle kjekke! Når ein flyttar inn i hus, så får ein mykje besøk. I dag har det vore fullt hus nesten heile dagen. Da er det koseleg å roa seg ned på sofaen med ein solid bloggrunde:) Som eg har lova, så skal eg visa fram rom for rom på bloggen. Så her kjem bilete av badet nede: (Manglar dusjveggar, kjem ein av dagane)



 Ha ein fortsatt fin kveld:)




onsdag 29. juni 2011

Husets midtpunkt



Endeleg!!! I dag kom trappa:) Hærleg følelse var det verkeleg. Ja, eg veit at det er mykje som er hærleg for tida, men det må til, for då nærmar det seg innflytting. Det vart heilt kvit trapp på oss, og eg angrar ikkje. (Ikkje enno vertfall.) Den var verkeleg heilt nydeleg. Hovudbadet er også ferdig. Kjem skikkelege bilete etterkvart. Her ser de innreiinga i kvit høgglans frå Kvik og håndtak frå Lisbeth Dahl.

Ha ein fortsatt fin kveld=)

onsdag 15. juni 2011

Bilderas II

I dag har eg fått tatt nokre skikkelege bilete med skikkeleg kamera. Då kan eg endeleg få visa fram flisene på badet og litt anna kjekt. Herr Blåbær vart i kveld ferdig med golvet i 2 etg. Det vil seie at alt som er av eigeninnsats i 2. etg. er FERDIG! Hærleg=) Det som står igjen for vår del no, er golvlegging i stova nede. Reknar med listing startar fyrstkomande måndag.

Ellers så ser me veldig fram til sommarferie om 2 DAGAR, og skal ikkje byrja på jobb igjen før midten av august. JEJEJE=)
Badet i 1. etg

Dusjhjørnet

Hallen

TV-kroken, med linselus:)

Meir stove

Stove 2. etg

Hovudbad 2. etg.

Bad - Walk-in - Master bedroom

Master bedroom - Walk-in - Bad

Master bedroom

Walk-in

Odin sitt soverom





Eit av dei andre soveromma

GOD NATT=)

tirsdag 22. februar 2011

Bad

Tok oss ein tur til Bergen i går, for å handle inn/bestille baderomsinnreiing til badet oppe. Me har ikkje heilt bestemt oss for kva me skal ha nede enno. Men det kjem vel etterkvart:) Valget fall på kvit høgglans innreiing frå Kvik, benkeplata kjøper me på BM og håndtak frå Lisbeth Dahl. Trur det blir svært bra:)

Har stått litt stille i huset nokre dagar no. Elektrikar er snart ferdig med sin jobb. Så det er like før taket innvendig blir lagd. 


Ha ein fortsatt fin kveld!

 

onsdag 2. februar 2011

Hovudbadet

Planlegginga av bada i huset er i full gang. Har egentleg vore i gang med dette lenge, men har ikkje bestemt oss for alt nøyaktig før no. Baderomsinnreiing blir ikkje slek som på biletet. Me har valgt ein frå Kvik med dobbel skålvask. I tillegg blir det ein stor spegel med ramme over. Bileta under er forslag til løysing. Det kjem ikkje til å bli identisk i røynda. Badekar med løveføtter blir det også:)





♥