mandag 9. desember 2013

Førjulskos

 God kveld i stova! Fått unna litt bakst i dag, og godt er det. Ja, godt med alt som er gjort. Uansett kor mykje ein får gjort, så blir det travelt når det nærmar seg likevel. Kjenner meg sjølv der. Uansett...handball på TV´n er koseleg førjulsaktivitet, sjølv om ein sit heilt i ro.

Heia Noreg!

Linda

søndag 8. desember 2013

Sparkling christmas!



Hei hopp! Har vore stille frå meg i nokre dagar no. Travel som alltid! No har eg ferie frå håndballen til nyttår, faktisk litt godt. Har vore på besøk til mine kjære foreldre i helga, og det er alltid godt å koma heim til mor og far. Utnytta godt dagslys og nysnø i dag, så fekk tatt nokre fine bilete av borna. Så då er det berre å hiva seg rundt å ordne julekort. Fint å få sendt dei avgårde før neste helg. No er det kos i stova!

Ha ein fin 2. søndag i advent-kveld=)

Linda

mandag 2. desember 2013

Pepperkakehuset





Kom i mål med huset i år også. Når eg sit og ser på bileta frå i fjor, så ser eg at huset er nesten heilt identisk. Likar det sånn, så det er ikkje nøye. Huset pyntar opp på kjøkenet, og kvar gang eg kjem inn ytterdøra luktar det himmelsk pepperkake i heile huset. Og det...minnar meg om jul. Litt pynt framfor huset må også til. Lilla kuler til lilla fuglar, bambi og juletre i vatt. No skal eg legga sammen tidenes klesvask. Ikkje akurat favoritthobbyen...men, men, det må berre gjerast. 

Ha ein fin kveld, pepparkakeduft eller ei =)

Linda

søndag 1. desember 2013

DIY - adventskalender





God aften og god fyrste søndag i advent. Borna våkna i dag til to søte dyr i heimen. Ein liten "Bambi", og eit reinsdyr. Begge dyra fulle av små gåver som Odin og Alva kan kosa seg med kvar dag fram til jul. Har fått god hjelp av svigerfar (igjen) til å få saga ut figurane. Med god gammaldags overhead og lysark, var det ingen stor sak å få laga dei. Eg er nøgd, og borna tykkjer det er kjempespennande. Ellers så har dagen gått med på peparkakebaking, og årets peparkakeversjon av Blåbærvegen-heimen er også på plass. No luktar det sånn det skal lukte i heimen i desember....HÆRLE!

Ha ein framleis fin 1. advent i heimen =)

Linda

lørdag 30. november 2013

I mål...




Eit lite mini-innlegg frå meg i kveld. No er det klart for nysgjerrige born i morgon tidleg. Håpar dei blir nøgde med kalendarane. I morgon skal me baka peparkaker, på julegrantenning og adventskafè. Blir ein fin-fin og koseleg søndag. Kjem meir bilete av kalendarane i morgon.

God natt, og ha ein koseleg 1. søndag i advent i morgon =)

Linda

fredag 29. november 2013

Jul i Blåbærvegen



Jepp! Den er i gang... litt julekuler, nokre adventstakar og sviblar er på plass. I morgon blir det pynting for alvor, og siste finish på årets julekalendarar. Har i år hatt eit lite julekalendar-prosjekt. Blir spennande å sjå resultatet. Viktigaste av alt er at borna blir nøgde. I kveld har huset vore fullt av folk. Kjekke folk! Håpar dei kjem snart igjen:) 

Ha ein fin fin fredag=)

Linda

tirsdag 26. november 2013

Enkel julepynt...



Den billigaste og enklaste julepynten du får tak i kan vere julestjerner av papir. Kanskje du er så flink at du brettar dei sjølv? Eg er litt for flink til å nytta for mykje pengar på julepynt. Til gjengjeld er eg kanskje unnskyldt sidan eg har eit nytt hus å fylle opp. Uansett...tips frå meg til deg...kjøp kongler og pynt i papir. Enkelt og billig. Med levande lys i tillegg, blir det stemningsfullt og koseleg. Mine stjerner er frå TineK, kongler frå Bohus, telysholdar med glitrande gull frå Blommingville, telysholdar med hjort frå Kremmerhuset og glitter/kongle "blomst" veit eg ikkje. 

Ha ein koseleg kveld=)

Linda

mandag 25. november 2013

Ny stove...




Kom i mål med om-møbleringa mi forrige helg. Det heile var ganske så impulsivt. Fyrst så hengte eg opp nye hyller frå Bloomingville, eg vart nøgd med sjølve hyllene, men det vart litt tomt under dei. Så då flytta eg skjenken under dei, men då vart det så mykje møblar akkurat i det hjørnet, så eg flytte stolane mine lenger ut på golvet og ved sidan av kvarandre. Då vart det igjen stusseleg. Eg har lenge sikla på det marrokanskinspirerte bordet frå TineK, så då slo eg til og kjøpte meg nytt bord i tillegg. Ganske morosamt i grunn. Puffane har eg hatt lenge, og dei passa fint inn. Som sagt, veldig impulsivt...

Ha ein fin kveld vidare=)

Linda

søndag 24. november 2013

Jula smyg seg inn...



Eg greier ikkje holda meg...kjenner det kriblar i kroppen. Resultatet er nokre par stjerner her og der. Ei veke før tida er vel ikkje heilt krise? Gledar meg til neste helg, då har eg tenkt å baka peparkaker med borna, og sjølvsagt årets versjon av Blåbærvegen 2 i peparkakeform må også produserast. Så får me sjå om kreativiteten tek nye høgder, eller om det blir same stil som i fjor. Går vertfall med nokre kilo melis til dekorasjon. Fin tid i møte :)

Kos deg=)

Linda

tirsdag 19. november 2013

Nedteljing...



 God aften alle! Ser mange er byrja med juleblogging rundt om, og eg må sei eg verkeleg byrjar å gleda meg til pynting i heimen. Har sjølvsagt gjort nokre småinnkjøp allerede, men det får venta til neste helg. Da blir det pynting, tjooheii! Enn så lenge så får eg klara meg med litt gull og glitter, det er vel lov heile året rundt, ikkje sant? Har hengt opp nye hyller/boksar frå Bloomingville i stova i helga, veldig nøgd. Har også jobba meir med om-møbleringa mi. De skal få sjå fleire bilete snart. Vil ta bilete i dagslys, og då må eg venta til helga.

Ha ein fin kveld=)

Linda