Sider

Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

søndag 3. november 2013

Bursdag i stova








Hei og god aften kjære lesarar. Bursdagshelg 1 av 2 er over, og helga har vore meget travel. Fredag hadde eg besøk av ein god gjeng med kjekke jenter. Veldig koseleg med skravling og godt humør. Roleg feiring av meg sjølv på dagen min i går kveld, saman med mor, far og svigers. Lutefisk på menyen, eit hærleg måltid med kjekke gjester. Eg er no inne i mitt siste tjueår, så no har nedteljinga starta...iiik!! 

I dag er godguten Odin 9 år, og det har også vore ei roleg feiring på han, med mange harde pakkar, og mange Lego-bygge-prosjekt. I tillegg til dette har eg vore med å arrangert den årlege markanden for idrettslaget i bygda, og har lagt bak meg ein god del dugnadstimar i går og i dag. Så alt i alt, ei travel men flott helg. Neste helg er det trippelfeiring av meg, Odin og Alva. Då blir det kakefest i Blåbærvegen. Gledar meg til det:)

Ha ei fin veke=)

Linda


fredag 2. august 2013

Uvêr og blåbær







Hei og god aften alle ute i veven! Eg har vore offline nokre dagar, då lynet slo ut modemet vårt førre helg. Modemet vart heilt dødt, og i dag fekk me nytt i posten. Endeleg! Ei veke utan nett har vore både godt og vondt. Kva skal me gjere i dag? Leige ein film på appleTV? Nei, har ikkje nett. I tillegg har eg kjøpt meg ny iPhone, fekk heller ikkje sette den i gang før i dag, p.g.a at me var nettlause. Jaja, det er ikkje verdas undergang, heller eit luksusproblem. Godt å ha det attende uansett. 

Denne veka har vore mi siste ferieveka, og på tysdag byrjar eg opp igjen med ny stilling og nye utfordringar. Gledar meg til det. Ellers så har me vore på blåbærplukking. Kan ikkje bu i Blåbærvegen utan å gå på årleg plukketur. Det rett og slett bugnar med blåbær i skogen rett bak huset, heilt fantastisk. Meg og borna var på ein liten tur i går, så tok mor i huset seg ein real runde etter borna var lagde. 5 liter med hærlege sunne blåbær. Har laga rørte blåbær til pannekakene i dag, og kokt syltetøy som eg skal gje vekk til nokon eg er ekstra glad i. Resten gjekk i frysen klar for smoothie. Nam, nam, nam:) 

God helg=)

Linda