Hurra for mann og kone! Me svevar framleis, men eg tek meg likevel tid til å poste nokre bilete, slek at de får sjå for ein fantastisk dag me hadde førre laurdag. Alt gjekk som planlagt frå me starta brudepyntinga her heime i Blåbærvegen 2 tidleg laurdag morgon, til me gjekk og la oss halv 4 natt til søndag. Hår, sminke, kyrkja, fotograf, bilen, maten, talane, songane, dansen, kakene, festen, gåvene og ikkje minst alle 90 gjestene...!!PERFEKT!! Eg har så uenedeleg mange bilete så eg trur eg lyt ta litt og litt. Så i dag får de sjå bilete frå pyntinga i Blåbærvegen saman med sminkør, frisør og forlovar - som også sjølvsagt er mine gode venninner:) Når me kjem heim frå bryllupsreise(!)(YEAH!), skal de få sjå meir:)
STOR OG LUKKELEG KLEM=)