Sider

torsdag 12. september 2013

Flagrande flott



God kveld i veven! Har du det bra der du er? Her er det som alltid full fart kvar dag. Eg fortalte tidlegare at rommet til Alva fått seg eit flagrande løft. Ho seier det er sommarfuglar, men det er faktisk møll. Friske, fargerike og søte møll. Frøkena var vertfall strålande nøgd med den nye veggen sin. No gjenstår det litt meir møblar på rommet, så kan me sei at det er fiks ferdig. Ting tar tid i Blåbærvegen:) No er det spøtetid på Fru Blåbær, nytt og spanande prosjekt på gang. De kan få sjå når eg er ferdig...

Ha ein strålande aften der du er...snart helg =)

Linda

søndag 8. september 2013

Fiks ferdig...





...med malinga av huset. What a feeling! Denne helga var siste sjanse for oss med tanke på vêr og tid. Så me heiv oss rundt og fekk leigd inn lift i helga, slik at me fekk malt huset heilt ferdig. Me burde vel strengt tatt vore ferdige i juli, men etter at alle sidene stod ferdig, bortsett frå der me trengde lift, tok me ferie i staden for å male. Går ikkje alltid like fort å få ting ferdig, men når me er i gong, går det vertfall unna. 

Ha ei fin veke=)

Linda

søndag 25. august 2013

Effektivitet!


I det fantastiske sumarvêret som har vore i helga, har eg ikkje sola meg...men vore for det meste inne. Har eg vore sjuk? Nei! Meg og Herr Blåbær har faktisk fått unna ein heil del i heimen. Spottar har blitt bytta, ledningar festa, huset vaska, tallerkenhylle (som eg snakka om i fjor(!)) grunna, tavlemaling malt på kjøkkenet og tapetisering av rommet til Alva. Med andre ord - effektive! Har ein tendens til å ikkje få tid til så mykje om dagane, så skippertak funkar godt. Minuset er at eg har gått glipp av litt sol. Akkurat no så har det vore verdt det. Så får me sjå! 

Ha ei fin og effektiv veke alle =)

Linda

onsdag 14. august 2013

Lysglimt i kvardagen




Egentleg ikkje så stort lysglimt, men eit lysglimt likevel, nemleg IKEA - katalogen. Alltid kjekt å få den i posten. Så no har eg bladd meg gjennom heile, og satt kryss på det eg har lyst på. Trur det må bli ein liten tur dit snart, med stor bil...OG tjukk lommebok. Sjølv om det er billig, blir det fort dyrt likevel. 

Ha ein strålande kveld=)

Linda


tirsdag 6. august 2013

Haustmodus?



God aften ute i veven. Fyrste dag på jobb i dag, etter fleire veker med ferie. Var litt godt, men og litt trist å tenka på at årets sumarferie er over for i år. Har faktisk fått eit snev av haustkjensle. Då får eg lyst til å spøta, så har byrja med noko der eg ikkje treng å tenka så mykje, nemleg å spøta vaskeklutar. Ganske enkelt, og i tillegg så er dei veldig gode, òg du får dei i den fargen du vil. Har laga nokre frå før av, og dei blir flittig brukt. Strikkar i bomullsgarn, så då tåler dei ein real runde i vaskemaskina også.

Har du lyst å lage ein slik så er oppskrifta (som eg har tjuvlånt frå ei god venninne, kred til deg Malene;)): Legg opp 40 masker med Petunia på pinne nr. 5, strikk deretter ein omgang rett, neste omgang strikkar du ein rett og ein vrang...slik held du fram. Annakvar omgang rett og rett/vrang. Easy!

Ha ein fin kveld, om du spøtar eller ei=)

Linda


mandag 5. august 2013

Tapetesere?

Har lenge tenkt på å legge tapet på ein av veggane på rommet til Alva. Trur ein tapetvegg kunne ha blitt fint. Odin har jo heile verda på ein vegg, så føler nesten Alva bør få seg ein fin vegg også. Er berre så utruleg vanskeleg å velje kva tapet eg skal lime opp. Har funne meg nokre som eg likar, og som ho kan ha ei god stund. Kven ville du ha valgt?
Nederst ser de Odin sin "heile-verda-på-ein-vegg-tapet".





Ha ein super kveld vidare=)

Linda

lørdag 3. august 2013

Min Vita Eos





Eg er så glad i puff! Denne lampa er ein skikkeleg puff med kvite gåsefjær. Vakkert lys er det av den óg. Fru Blåbær er meget nøgd med lampa si. Den har fått plass i hjørnet over fjaselampa mi frå IKEA. Fjase-ballerina-lampa har fått seg eit nytt hjørne i stova. Eg skal ta nokre skikkelege bilete av stova snart, så de får sjå. Min lille løyndom er at eg av og til tek bilete av noko fint, men så er det egentleg ikkje strigla bak kamera. Når eg tok bilete av lampa denne gongen, var det ikkje strigla i heimen. Kanskje de skal få sjå sanninga om huset i Blåbærvegen ein dag;)

Ha ein løyndomsfull laurdag=)

Ps. Løyndom betyr hemmelighet (for alle de med bokmål som morsmål). 

Linda

fredag 2. august 2013

Uvêr og blåbær







Hei og god aften alle ute i veven! Eg har vore offline nokre dagar, då lynet slo ut modemet vårt førre helg. Modemet vart heilt dødt, og i dag fekk me nytt i posten. Endeleg! Ei veke utan nett har vore både godt og vondt. Kva skal me gjere i dag? Leige ein film på appleTV? Nei, har ikkje nett. I tillegg har eg kjøpt meg ny iPhone, fekk heller ikkje sette den i gang før i dag, p.g.a at me var nettlause. Jaja, det er ikkje verdas undergang, heller eit luksusproblem. Godt å ha det attende uansett. 

Denne veka har vore mi siste ferieveka, og på tysdag byrjar eg opp igjen med ny stilling og nye utfordringar. Gledar meg til det. Ellers så har me vore på blåbærplukking. Kan ikkje bu i Blåbærvegen utan å gå på årleg plukketur. Det rett og slett bugnar med blåbær i skogen rett bak huset, heilt fantastisk. Meg og borna var på ein liten tur i går, så tok mor i huset seg ein real runde etter borna var lagde. 5 liter med hærlege sunne blåbær. Har laga rørte blåbær til pannekakene i dag, og kokt syltetøy som eg skal gje vekk til nokon eg er ekstra glad i. Resten gjekk i frysen klar for smoothie. Nam, nam, nam:) 

God helg=)

Linda

mandag 22. juli 2013

Fine dagar...


i Blåbærvegen for tida. Har vore i Oslo i helga og kosa oss glugg på Tusenfryd med borna og vener. No nyter me late sommardagar i Blåbærvegen. I dag har me vore på tur til heimplassen min i vakre Årdal. Bading og moro heile dagen. Så utruleg hærleg med sol frå skyfri himmel. Huset ser ut som det bør gjere, skikkeleg sommarpreg, med rusk rundt om kring. 

No er det tid for kos og hygge, spelekveld i godt lag=)

Snakkast!

Linda

tirsdag 16. juli 2013

Detaljar




God kveld i heimen! Ein liten tur innom for sei hei og for å visa dei fine pom-poms'a eg har hengt opp på rommet til Alva. I dag har me hatt ein skikkeleg ryddedag inne, sidan vêret ute er så trist. Regn, regn og atter regn. Kjedeleg! Uansett, me har rydda rommet til Odin, og bytta litt plass på møblar. Vart fint! Så har me kasta ein haug med rusk-rask leiker, og pakka vekk det me skal gje vekk til andre born som treng det meir enn Odin. Har tilsamen pakka ned tre bossekker med klede og leiker som me skal gje vekk. Det blir henta i september, og blir frakta nedover og austover i Europa. Får ei god kjensle av slikt:) 

Håpar du har ein fin kveld der du er, regnvêr eller ei =)

Linda