Sider

søndag 10. november 2013

Bursdag i stova II


 Puuuuhhh...bursdagshelg 2/2 er i havn, og det kjennes godt. Gjestene har reist heim, og sånn såg det ut i heimen etterpå. Eit lite "bak fasaden" bilete frå Blåbærvegen. Eg hadde tidenes bakedag i går, to kaker og to brett med cupcakes. I tillegg til å få orden på heimen før gjestene kom i dag. Det er veldig kjekt medan det står på, og godt når det er over. Har fått utruleg mykje fine gåver til meg og borna. I morgon er det Alva sin store dag, heile 2 år har gått sidan ho kom til verda...tida flyg. Blir ein liten kakebit med to lys i til frukost i morgon på lille frøken Alva, og nokre gåver frå oss sjølvsagt.

Ha ein fin kveld, og ei fin veke=)

Linda

torsdag 7. november 2013

Torsdag kveld frå Blåbærvegen...

 


God kveld i frå Blåbærvegen. Ei svært travel veke har gått som ein virvelvind. Har ikkje vore heime ein einaste kveld så langt denne veka. Handballtrening måndag, bortekamp tysdag, og treningskamp i går. (Ser forøvrig ut som eg har fått juling, er både gul og blå etter vekas aktivitetar.) Så då er det verkeleg stas med kos i sofaen i kveld, ETTER at husvask og rydding er unnagjort. For det er nemleg full rulle i helga også. Årets fotballfest i morgon, bake-kaker-og-cupcakes-dag på laurdag og bursdagsfest for favorittane mine Odin og Alva på søndag, altså bursdagshelg 2/2. Puuuh!!! Nesten som eg gledar meg til neste helg allerede...ingenting på tapetet:)

Ha ein fin torsdagskveld frå der du er=)

Linda

søndag 3. november 2013

Bursdag i stova








Hei og god aften kjære lesarar. Bursdagshelg 1 av 2 er over, og helga har vore meget travel. Fredag hadde eg besøk av ein god gjeng med kjekke jenter. Veldig koseleg med skravling og godt humør. Roleg feiring av meg sjølv på dagen min i går kveld, saman med mor, far og svigers. Lutefisk på menyen, eit hærleg måltid med kjekke gjester. Eg er no inne i mitt siste tjueår, så no har nedteljinga starta...iiik!! 

I dag er godguten Odin 9 år, og det har også vore ei roleg feiring på han, med mange harde pakkar, og mange Lego-bygge-prosjekt. I tillegg til dette har eg vore med å arrangert den årlege markanden for idrettslaget i bygda, og har lagt bak meg ein god del dugnadstimar i går og i dag. Så alt i alt, ei travel men flott helg. Neste helg er det trippelfeiring av meg, Odin og Alva. Då blir det kakefest i Blåbærvegen. Gledar meg til det:)

Ha ei fin veke=)

Linda


tirsdag 29. oktober 2013

Speilegg og Happy Lights





God aften! Sa eg at eg var ein tur på IKEA for nokre veker sidan? Eg og min kjære mor tok turen saman til Bergen, og gjorde ein del innkjøp. Den som fikk den største gleda av det var lille frøken Alva. Ho har blant nnna fått seg kjøkken og bord med stolar. Så no lagar ho speilegg og tomatsuppe kvar dag, og me er så heldige som får vera med å smaka. Happy Lights fungerer perfekt som nattlys, og er ekstra kjekt å ha no når me går inn i den mørkaste tida av året.

Ha ein fin, fin kveld=)

Linda

søndag 27. oktober 2013

Bursdagstid


God aften ute i veven alle! Kva er den jobben du utset mest? Eg veit vertfall kva eg utset mest av alt, (ikkje heilt sikker, men føles slik) det er å ha orden i alle digitale bilete og korleis dei skal lagrast. Sikkert eit velkjend fenomen i vår digitaliserte kvardag. No har eg akkurat overført 5000 bilete frå den gamle Macbooken over til ein ekstern harddisk, men har framleis ikkje rydda i bileta. Huttemegtu for ein kjedeleg jobb. Skippartak! Inne på denne harddisken ligg det sikkert 10000 bilete frå før av. Kva skal ein gjera av alt slikt? 

Jaja, litt og litt om gangen. Framover er det travle tider i heimen. 3 bursdagsborn (inkludert meg) skal feirast to helgar på rad. Så har byrja allereie i dag med litt småbakst. Er berre til å bretta opp erma og sette i gang med planlegging og innkjøp. Litt cupcakes alá Linda må det vel bli i år som i fjor:)

Ha ei fin kveld=)

Linda

lørdag 26. oktober 2013

Innekos...



...er det aller beste på denne tida av året. Masse levande lys og fyr i peisen. Ventar framleis på krittusjane mine, slik at eg kan skriva noko koseleg på den nye tavla. Håpar dei kjem snart. Stemningsbilete til deg på ein laurdag.

Ha ei framleis fin helg =)

Linda

lørdag 19. oktober 2013

Heisann, hoppsann!



God kveld ute i veven alle lesarar. Sein post frå meg i kveld. Sit å kosar meg i sofaen, favoritt - hobbyen min ;) Spøtet og Herr Blåbær eg sjølvsagt på plass. Noko anna spennande å fortelja har eg i grunn ikkje. Vil berre ynskja alle ein fin, fin kveld, uansett kva de held på med for noko rundt omkring. 

KOS DEG =)

Linda

mandag 14. oktober 2013

Spøt + haust = sant!



God kveld i heimen! 

Mørke kveldar, levande lys, fyr i peisen og spøt i handa. Ingenting er meir koseleg enn nettopp det. I ein travel kvardag med jobb, born, aktivitetar, husarbeid og trening er det faktisk ikkje kvar kveld ein rekk å nyta sofaen til det fulle. Så dei kveldane eg har tid og ro til å kosa meg, nyter eg kvart eit sekund...viktig det óg. 

Måndag, og ei ny veke med nye moglegheiter. Skal du gjera noko spennande denne veka? Me skal ha serieopning onsdag (handball), blir spennande...

Håpar du kosar deg inn i mellom óg=)

Linda

søndag 13. oktober 2013

Oooops...




...sa eg etter eg tok fyrste draget med malepenselen. Svart maling på kvit vegg...meir kontrastar enn dét, finnes vel ikkje. Uansett. Har lenge tenkt på å ha meg ei tavle på kjøkenet, men har aldri heilt funne ut av korleis eg vil ha det. Har vore inne på tanken om å nytta tavlemaling óg, men har ikkje vore heilt sikker på korleis, kvar og når. Så sist Herr Blåbær skulle ein tur på Biltema, kjøpte han med ein boks til meg. Billig var den òg...nice! Resultatet var ikkje så verst. No ventar eg på kritt-tusjar i posten, så er eg klar til å skriva.

No er det spøtetid og straks Farmentid...

Kos deg!

Linda

lørdag 12. oktober 2013

Haust-inspirasjon























1. Bloomingville, 2. Ferm Living, 3. Kähler, 4. Milla Boutique, 5. Happy Lights, 6. Kähler, 7. Bloomingville

 1.House Doctor, 2. Bloomingville, 3. Nordal, 4. Hübsch, 5. Vitra, 6. Bloomingville

Ein liten haustcollage for de som ynskjer inspirasjon. Mykje nytt og spanande i interiørverda no. Eg som sikkert mange andre, siklar etter mange av desse tinga. Har snart bursdag da...så viss du vil kjøpa meg noko fint, så veit du kva eg ynskjer meg;) 

No nyter eg siste helga i haustferien, i morgon blir det fjelltur med familien, og siste innspurt i heimen før jobb og travel kvardag igjen frå måndag. Har fått gjort mykje spanande i huset denne veka. Godt med tid til stell av hus og heim inn i mellom. 

Håpar du nyter kvelden der du er=)

Linda