Sider

tirsdag 23. november 2010

God kveld

God kveld alle saman. I dag tok eg meg ein runde opp til Blåbærvegen 2 for å sjå på framgang medan det var dagslys. Det blir så fort mørkt på denne tida, at ein nesten ikkje rekk heim frå jobb før det er mørkt ute. Og mørke bileter er ikkje kjekt å publisere her på bloggen.

Framgangen på huset er ikkje til å klage på. No er arken ferdig, verandadører på plass og etasjeskillar er komen på halve huset. (De ser det på venstre side). Etasjeskillar er ei list som går rundt heile huset, omtrent der golvet er til andre etasje. Me ville ha denne sidan huset er ganske høgt og enkelt.

No manglar søylene og rekkverk på veranda oppe. På baksida kjem det også eit overbygg. Når dette er klart byrjar ein verkeleg å sjå korleis huset skal sjå ut når det står ferdig. 

Mange har spørt meg om huset er ferdig måla. Det er det ikkje. Grunnen til at kledninga har lys farge er at den er ferdig grunna. Det vil seie at me nok må svinge målarkosten mest truleg til våren. Planen er at huset vert kvitt. Det er reint og fint:) 




Ha ein fortsatt flott kveld alle!


3 kommentarer:

  1. Flott hus <3.
    Savner eit bilete der vetle byggherren er med på.

    SvarSlett
  2. Wow! Snart kommer Toppen Bech på besøk. Meget herskaplig herr og fru Blaabaer

    SvarSlett
  3. Wooow ja! det må eg sei! flott hus :) og no e det faktisk eit HUS, ikkje berre ei tomt. kjempefint og herskaplig! Gooood helg snuppao <3

    SvarSlett