Sider

lørdag 5. januar 2013

Blåbærvegen - kavalkade 2012


Hei og godt nytt år alle kjære lesarar. Ser at det er mange innom og les kvar dag. Så det på sin plass å beklage den lengre pausen eg har hatt frå bloggen. Det var i grunn ikkje planlagt, men bloggen tok ein liten juleferie. Me har storkosa oss heile jula med julefest i Blåbærvegen på julafta, og resten av ferien heime hjå kjære mor og far i Årdal. Tenker det er på sin plass med ein liten nyttårskavalkade, så eg har snekra saman eit lite innlegg til alle mine trufaste følgjarar. Kos deg vidare i aften. Kjem sterkare tilbake framover. 



Litt utstilling i kjøkkenskåpa av nokre av julegåvene me fekk i 2011.
Byrja å strikke eit putetrekk i januar...
...gav opp, så det enda opp som lampeskjerm:)

Vart tid for litt baking til trivelige besøk på vinteren.

Fekk stubbar av svigerfar, prosjekt nattbord var i gang.

Fastelavensbollar:)
I mars hadde me barnedåp for Alva.

Stubbane ferdige, rosa og fine. Og ja, Herr Blåbær sin er også rosa.

Odin fekk seg tallerken-bokhylle, laga av svigerfar.

Og me fekk heimelaga bord av svigerfar. Beisa med patinagrå frå Jotun.

Fornying av hallen på våren.

På våren var også bryllaupsplanlegginga godt i gang.

Alva flytta på eige rom, og mor i huset sydde gardiner og dynetrekk.

Svært spent brud, ladar opp til den store dagen.

14. juli! Me blir herr og fru på ordentleg. Eit minne for livet.

Nøgd brud:)

Hjerte!

Knekkebrødbaking for sunnare dagar etter ferien.

Eg byrja å strikka den populære Skappel-gensaren.

Brudebuketten vart turka.

Me fekk oss ein ny besteven på kjøkenet.

Huset vart hausta opp med levande lys og haustblomar.

Blåbærvegen-bloggen vart kjendis for ein dag med film-artikkel på bt.no. Du kan sjå den her.

Fluffy lampe flytta inn.

Cupcakes til min kjære far sin 50-års fest.

Skappel-gensaren vart endeleg ferdig.

Alva fekk seg ny skjenk på rommet sitt.

Alva 1 år.

Odin 8 år.

Julestriden byrja seint i november.

Årets peparkakehus.

Julepynt i heile huset.

Gull og glitter.
Årets julefestbord


Stor nyttårsklem frå 


 






2 kommentarer:

  1. Godt nytt år til deg også !
    Flott kavalkade, gleder meg til å følge deg i det nye året!

    =)

    SvarSlett
  2. so flotte bilete Linda ! og for ein kjekk mann du har ordna deg ;)

    SvarSlett