Sider

fredag 16. mars 2012

Tallerkenhylle

Her i heimen er det komme i hus ein del heimalaga ting i det siste. Stubbane som nattbord, tallerkenhylle til barnreommet, settekassehus til Alva og snart kjem det eit stovebord til meg. Har ein flink og produktiv svigerfar:) Han produserar og eg tek den siste finishen med maling og lakk. Tenkte eg ville visa den fine tallerkenhylla som har komme på gutterommet. Fantastisk bokhylle som gir veldig god oversikt over bøkene. Så kan ein bytte ut utvalget inni mellom for å frista til meir lesing. Det er kjekkare å velge seg eit bok for kvelden no:)

No skal eg sjå The Voice, og kosa meg saman med Herr Blåbær.

Håpar de får ein koseleg fredagsaften=)

tirsdag 13. mars 2012

Mine rosa stubbar





Eg må sei meg ganske nøgd med resultatet. Mala i den nyaste malingen til Lady; Supreme Finish, med glans 80. Eg seier berre wow! Fantastisk maling, trass litt stiv pris. Men når det var snakk om så lite, så måtte eg berre slå til. Skikkelig glans på stubbane, nesten som dei har blitt lakka eit strøk over malinga. Foreløpig blir stubbane mine nytta til nattbord. Så får eg sjå om dei får seg ein ny plass seinare.

Ha ein super kveld alle kjekke:)

mandag 12. mars 2012

I love pink!!

Har eg forelska meg heilt i nellikar. Kjøpte nokre bukettar til dåpen som hadde nellikar i seg. No over ei veke seinare, så er dei like fine. Ja, kanskje til og med finare! Dei held seg veldig godt, og blir berre vakrare og vakrare dess lenger dei står. I dag samla eg dei til ein stor rosa bukett. Trur kanskje eg må kjøpa meg fleire når desse er ferdige. Sleng med nokre bilete frå ein utruleg flott og kjekk barnedåp me hadde førre helg. Dåpsbornet var eksemplarisk som alltid, og rynka berre bittelitt på nasen når ho fekk vatn i hovudet. Snille Alva:) Kjem meir rosa på bloggen snart. Eg har tenkt å visa fram stubbane mine, som rett og slett vart måla rosa.





Ha ein fortsatt strålande aften alle der ute i veven=)

torsdag 16. februar 2012

Bollar og blomar


 




God kveld i heim og stove. Me er mest opptekne av norske trasisjonsrike merkedager i denne heimen. Så hjå oss blir ikkje valentinardagen feira, heller ikkje andre "norskifiserte" amerikanske merkedagar. Men fastelavn derimot...det skal markerast. Så i dag har Fru Blåbær tatt på seg "bakeånden" og saman med sin alle beste kjøkenven; Kitchen Aid, baka nokre hærlege fastelavensbollar. Så på sundag blir det fastelavensbollefest:)

Ellers så kan ein vel aldri bli lei av friske vakre blomar i alle fargar og former? Vertfall ikkje når dei får stå å lauga seg i ein so søt ein vase/vasar som dette? 

Ha ei super helg alle saman. Hugs å et masse bollar på sundag=)



torsdag 2. februar 2012

Stubbedidu






God aften alle kjekke inni verdsveven. Innimellom all babykosen, bryllaupsplanlegging, dåpsplanlegging og andre kvardagssysler har eg nokre småprosjekt. Svigerfar har pussa to trestubbar til meg, og desse skal få seg ein shine. De skal få sjå ferdig resultat om nokre dagar. Håpar dei kjem til nytte:)

Ha ein strålande aften=)

 

mandag 30. januar 2012

Pink Cupcakes






I dag fekk eg storfint besøk av ei super venninne eg ikkje ser så ofte. Så da tenkte eg at eg måtte slå til med nokre supersøte rosa cupcakes. Etter at eg fikk "Love, Manuela" til bursdagen min har eg blitt heilt hekta på å laga kaker og cupcakes som ser LOVE ut:) Tenkte kanskje at rosa cupcakes er noko som høver bra til dåpen til Alva også.

Vonar alle får ein fortsatt "lovely" kveld  ♥

Love

 

søndag 29. januar 2012

Strikkalampe...






eller det er vel det ein seier på nynorsk; ei spøtalampe. Det som egentleg skulle bli ei pute enda opp som lampeskjerm. Fyrste gong eg har spøta interiørstæsj, og må sei meg ganske nøgd. Trur nesten eg må lage meg ein lampeskjerm til. Kanskje rosa som Alva kan få på rommet sitt. 

No skal eg ut å få dagens trim, så blir det kveldskos med Herr Blåbær og spøting=)

Ha ein super kveld alle:)

 

fredag 13. januar 2012

God helg!

Litt av årets julegåver på utstilling i glasskåpet. Kjekt å få visa det fram litt og veldig kjekt å få kjekke ting til jul. 

Huset er shina, trilletur unnagjort, kveldsmaten inntatt. No har eg ein date med Mr. Blåbær og sofaen. Hærle med helg.

God helg til alle sammen=)

onsdag 11. januar 2012

Kveldskos


God aften alle kjære! Litt rosa har fått plass i stova etter at alt det raude og glitrande har flytta ut. Litt trist her i huset no etter at julepynten er pakka vekk. Derfor tykkjer eg det er ekstra koseleg med litt sommarleg rosa. Har byrja på eit aldri så lite interiørspøt. Har aldri spøta noko anna enn klede før, så dette skal bli spanande. Skal sjølvsagt visa det fram når eg er ferdig. No ventar eg eit triveleg besøk og håpar at de får...

...ein fortsatt super aften=)

 

onsdag 4. januar 2012

Godt nytt år!

Godt nytt år alle mine kjære! No er jula nesten rydda ut av hus. Det einaste som er igjen er juletreet, stjerner og stakar. Det skal få stå i nokre dagar til. Er så koseleg med alle lysa i vintermørket. 

Ser fram til eit nytt år me mykje spennande. Fyrst og fremst trening!! Masse mat og snop i jula pluss nokre fødekilo som må vekk. Tok min aller fyrste skikkelige treningsøkt i dag. Herleg følelse:) Så kjem Alva sin dåp for tur, eg skal bli tante snart og til sumaren skal Herr og Fru Blåbær bli Herr og Fru heilt på ordenteleg. Altså ja...giftarmål...me skal smi oss i hymens lenkjer ♥. Det blir fantastisk!