Sider

mandag 13. oktober 2014

Haust


Trøytt. Men kosar oss meir inne da. Framleis litt travelt, men ikkje på langt nær slik som det var. Har byrja å studera gjennom jobben, så hausten blir vel travel uansett. Usj. Jaja, kjem vel gjennom det òg:) 

Byrjar å sjå litt fram til den årlege trippelfeiringa i november. Meg 30 (!!), Odin 10 og Alva 3. Blir kjekt det da vertfall.

Kos deg=)

Linda 

lørdag 4. oktober 2014

Kos




Endelig har det roa seg ned i heimen, etter all den fartinga mi. Dei to siste månadane har vore ekstremt travle, så no ser me fram til haustferie ei veke, med fjelltur og avslapping. Deilig! Først ei roleg helg her heime. Levande lys og krypa opp i sofaen. Ingenting er bedre enne det. 

Ha ein fin - fin laurdag der du er =)

Linda

søndag 21. september 2014

Helgekos


Hei hopp!

Endeleg ei stille og roleg helg, som egentleg ikkje skulle vere det. I utgangspunktet så skulle eg i 30 års dag til ei venninne i går, men fekk ikkje anledning til å gå likevel. Veldig dumt, men sånn er livet av og til. I det siste har det vore fult køyr kvar helg, ja eg trur det har vore noko kvar helg sidan den fyrste helga i august. Puuh! Når alle i gjengen blir 30 i same året, ja då blir det travelt. Men, det er kjekk-travelt:) Har fått rydda unna litt klede til ungane, og organisert litt i det nye "kontoret" vårt. Hipp hurra for alt som ein får gjort.

No er det meir rydding...mest klesvask. For til helga skjer det ting igjen, ja, kjekk-travelt :)

Ha ein fin kveld=)

Linda

tirsdag 26. august 2014

Tysdags-titt-tei




Må sei eg er flink om dagen...tre dagar på rad med oppdatering på bloggen, kven skulle tru? 

Sa eg at skal til IKEA til helga? Ja, eg sa kanskje det. Men må sei det ein gong til likevel. Slitsomt? Ja! Verdt det? Så absolutt! Har tenkt å få frøken Alva ut frå fengsels-senga (les; sprinkelseng) og over i ei større, men likevel lita seng. Såg dei hadde fått ei søt rosa ei på IKEA. Det passar perfekt for den lille-søte-frøken-rosa-dilla. 

I tillegg har me solgt sofaen me har hatt i loftstova, så der vert det ein ny ein. Hausten er jo i full sving, så noko anna interiørhygge vert det også. 

Slenger med litt kjøkenbilete i kveld. Har jo ikkje blogga på eit halvt år, så biletbanken er full!

Ha ein fin kveld=)

Linda 

mandag 25. august 2014

Jubileum



God kveld i heimen! Har du sikra deg jubileumsvasen til Kähler? Det har eg, og det var ein fryd å sette den på bordet. Den er rett fantastisk, og passar heile året føler eg. No er den stappa med fluffy brudeslør, ganske søtt i grunn. Trur eg må få tak på vasen som er mindre òg. 

Ellers er det måndag, og bonn gass som alltid. Ferien er over, og late dagar har blitt forvandla til tut og køyr. Ser fram til IKEA-tur med godaste Malene på laurdag. HURRA! Blir litt nips til heimen då!

Ha ein strålande kveld=)

Linda

søndag 24. august 2014

Ut av dvalen...



Det skulle vel egentleg vore på våren, etter ein lang vinter. Meeen...det får bli no, før alt anna går i dvale. Ei tid med mykje innekos og haust står framfor oss, og då er det vel ingenting anna som høver betre enn ein comeback på Blåbærvegen-bloggen. Har fått litt pes frå lesarar som saknar bloggen, så då har eg vel ikkje noko anna val enn å ta meg sjølv i nakken. 

Mykje har skjedd sidan sist, både godt og vondt. Så skal eg fortelja litt, ikkje alt, etterkvart. 

Noko godt som har skjedd, er at eg har fått meg nytt kamera. Ein draum av eit Nikon kamera, og bileta....fantastisk!! 

See it for yourself! 
#uredigert #nofilter

Fin sundagskveld til deg ute i veven=)

Linda

 

mandag 9. desember 2013

Førjulskos

 God kveld i stova! Fått unna litt bakst i dag, og godt er det. Ja, godt med alt som er gjort. Uansett kor mykje ein får gjort, så blir det travelt når det nærmar seg likevel. Kjenner meg sjølv der. Uansett...handball på TV´n er koseleg førjulsaktivitet, sjølv om ein sit heilt i ro.

Heia Noreg!

Linda

søndag 8. desember 2013

Sparkling christmas!



Hei hopp! Har vore stille frå meg i nokre dagar no. Travel som alltid! No har eg ferie frå håndballen til nyttår, faktisk litt godt. Har vore på besøk til mine kjære foreldre i helga, og det er alltid godt å koma heim til mor og far. Utnytta godt dagslys og nysnø i dag, så fekk tatt nokre fine bilete av borna. Så då er det berre å hiva seg rundt å ordne julekort. Fint å få sendt dei avgårde før neste helg. No er det kos i stova!

Ha ein fin 2. søndag i advent-kveld=)

Linda

mandag 2. desember 2013

Pepperkakehuset





Kom i mål med huset i år også. Når eg sit og ser på bileta frå i fjor, så ser eg at huset er nesten heilt identisk. Likar det sånn, så det er ikkje nøye. Huset pyntar opp på kjøkenet, og kvar gang eg kjem inn ytterdøra luktar det himmelsk pepperkake i heile huset. Og det...minnar meg om jul. Litt pynt framfor huset må også til. Lilla kuler til lilla fuglar, bambi og juletre i vatt. No skal eg legga sammen tidenes klesvask. Ikkje akurat favoritthobbyen...men, men, det må berre gjerast. 

Ha ein fin kveld, pepparkakeduft eller ei =)

Linda

søndag 1. desember 2013

DIY - adventskalender





God aften og god fyrste søndag i advent. Borna våkna i dag til to søte dyr i heimen. Ein liten "Bambi", og eit reinsdyr. Begge dyra fulle av små gåver som Odin og Alva kan kosa seg med kvar dag fram til jul. Har fått god hjelp av svigerfar (igjen) til å få saga ut figurane. Med god gammaldags overhead og lysark, var det ingen stor sak å få laga dei. Eg er nøgd, og borna tykkjer det er kjempespennande. Ellers så har dagen gått med på peparkakebaking, og årets peparkakeversjon av Blåbærvegen-heimen er også på plass. No luktar det sånn det skal lukte i heimen i desember....HÆRLE!

Ha ein framleis fin 1. advent i heimen =)

Linda

lørdag 30. november 2013

I mål...




Eit lite mini-innlegg frå meg i kveld. No er det klart for nysgjerrige born i morgon tidleg. Håpar dei blir nøgde med kalendarane. I morgon skal me baka peparkaker, på julegrantenning og adventskafè. Blir ein fin-fin og koseleg søndag. Kjem meir bilete av kalendarane i morgon.

God natt, og ha ein koseleg 1. søndag i advent i morgon =)

Linda

fredag 29. november 2013

Jul i Blåbærvegen



Jepp! Den er i gang... litt julekuler, nokre adventstakar og sviblar er på plass. I morgon blir det pynting for alvor, og siste finish på årets julekalendarar. Har i år hatt eit lite julekalendar-prosjekt. Blir spennande å sjå resultatet. Viktigaste av alt er at borna blir nøgde. I kveld har huset vore fullt av folk. Kjekke folk! Håpar dei kjem snart igjen:) 

Ha ein fin fin fredag=)

Linda

tirsdag 26. november 2013

Enkel julepynt...



Den billigaste og enklaste julepynten du får tak i kan vere julestjerner av papir. Kanskje du er så flink at du brettar dei sjølv? Eg er litt for flink til å nytta for mykje pengar på julepynt. Til gjengjeld er eg kanskje unnskyldt sidan eg har eit nytt hus å fylle opp. Uansett...tips frå meg til deg...kjøp kongler og pynt i papir. Enkelt og billig. Med levande lys i tillegg, blir det stemningsfullt og koseleg. Mine stjerner er frå TineK, kongler frå Bohus, telysholdar med glitrande gull frå Blommingville, telysholdar med hjort frå Kremmerhuset og glitter/kongle "blomst" veit eg ikkje. 

Ha ein koseleg kveld=)

Linda

mandag 25. november 2013

Ny stove...




Kom i mål med om-møbleringa mi forrige helg. Det heile var ganske så impulsivt. Fyrst så hengte eg opp nye hyller frå Bloomingville, eg vart nøgd med sjølve hyllene, men det vart litt tomt under dei. Så då flytta eg skjenken under dei, men då vart det så mykje møblar akkurat i det hjørnet, så eg flytte stolane mine lenger ut på golvet og ved sidan av kvarandre. Då vart det igjen stusseleg. Eg har lenge sikla på det marrokanskinspirerte bordet frå TineK, så då slo eg til og kjøpte meg nytt bord i tillegg. Ganske morosamt i grunn. Puffane har eg hatt lenge, og dei passa fint inn. Som sagt, veldig impulsivt...

Ha ein fin kveld vidare=)

Linda

søndag 24. november 2013

Jula smyg seg inn...



Eg greier ikkje holda meg...kjenner det kriblar i kroppen. Resultatet er nokre par stjerner her og der. Ei veke før tida er vel ikkje heilt krise? Gledar meg til neste helg, då har eg tenkt å baka peparkaker med borna, og sjølvsagt årets versjon av Blåbærvegen 2 i peparkakeform må også produserast. Så får me sjå om kreativiteten tek nye høgder, eller om det blir same stil som i fjor. Går vertfall med nokre kilo melis til dekorasjon. Fin tid i møte :)

Kos deg=)

Linda

tirsdag 19. november 2013

Nedteljing...



 God aften alle! Ser mange er byrja med juleblogging rundt om, og eg må sei eg verkeleg byrjar å gleda meg til pynting i heimen. Har sjølvsagt gjort nokre småinnkjøp allerede, men det får venta til neste helg. Da blir det pynting, tjooheii! Enn så lenge så får eg klara meg med litt gull og glitter, det er vel lov heile året rundt, ikkje sant? Har hengt opp nye hyller/boksar frå Bloomingville i stova i helga, veldig nøgd. Har også jobba meir med om-møbleringa mi. De skal få sjå fleire bilete snart. Vil ta bilete i dagslys, og då må eg venta til helga.

Ha ein fin kveld=)

Linda


torsdag 14. november 2013

Heisann, hoppsann!


God kveld i veven. Travel dame...igjen! Handballkamp i går kveld (ny runde med juling!) I dag har eg vore på eit kjempeartig kurs. Ja, du las rett, eit artig kurs. Kurs er i og for seg interessante dei, men ofte så sit ein og får veldig mykje input, og ikkje moglegheit til å gje noko "output". Har vore på Kor Arti kurs i regi av jobben. Så har sunge i kor i 6 timar. Meget inspirerande og kjekt:) Kom akkurat tidsnok heim til å få litt kosetid med mine søte i heimen, òg har i tillegg byrja på ein liten om-møblering i stova. Har ein liten plan på gang, som eg trur blir bra. De skal sjølvsagt få sjå når eg har det i boks.

Siste jobbedag i morgon, så ei helg...utan PLANAR! HURAAA=)

KOS DEG=)

Linda

tirsdag 12. november 2013

Kos i kroken...


God aften alle ute i veven. Her er heimen framleis ikkje heilt på topp etter helga. Framleis kakesmular på golvet, bursdagskort på bord, og ballongar her og der. Koseleg med litt spor etter feiringa. Men lyt vel ta meg ein skikkeleg runde dei næraste dagane. I kroken er det i det minste ryddig, og det er ekstra kjekt å sette seg ned for avslapping her. Det heimelaga stovebordet frå svigerfar står framleis trygt og solid. Ser de òg at eg har flytta på den komiske lampa mi? Herr Blåbær sitt forslag. Ikkje ofte han kjem med interiørinput til meg, og det vart heller ikkje så verst.

Vanskeleg å ta bilete på denne tida av året, då spesielt om kvelden. Ikkje noko glad i å nytta blits, så bileta blir fort litt uklare.

Ha ein koseleg kveld i kroken din =)

Linda

mandag 11. november 2013

2 x HURRA




11.11.11 kom den søtaste jenta eg veit om til verda. I dag er Alva to år. Herreminhatt så fort tida går. Dagen starta med lys, ballongar, song og gåver. Ellers har det vore ein roleg dag for bursdagsjenta. Har hatt koseleg ettermiddagsbesøk av nabojenta. Så då vart det ein liten restefest frå gårdagens feiring. Hello Kitty kaka var sjølvsagt ein kjempesuksess:)

No er det handballtrening next...

Ha ein fin aften i heimen=)

Linda

søndag 10. november 2013

Bursdag i stova II


 Puuuuhhh...bursdagshelg 2/2 er i havn, og det kjennes godt. Gjestene har reist heim, og sånn såg det ut i heimen etterpå. Eit lite "bak fasaden" bilete frå Blåbærvegen. Eg hadde tidenes bakedag i går, to kaker og to brett med cupcakes. I tillegg til å få orden på heimen før gjestene kom i dag. Det er veldig kjekt medan det står på, og godt når det er over. Har fått utruleg mykje fine gåver til meg og borna. I morgon er det Alva sin store dag, heile 2 år har gått sidan ho kom til verda...tida flyg. Blir ein liten kakebit med to lys i til frukost i morgon på lille frøken Alva, og nokre gåver frå oss sjølvsagt.

Ha ein fin kveld, og ei fin veke=)

Linda