Sider

torsdag 9. desember 2010

God helg

I morgon er det helg igjen. Føler vekene flyg avgarde, godt på ein måte, samtidig litt skremmande også. Litt lite blogging frå meg er på grunn av hektiske førjulsdagar. Tek turen heim til mor og far i morgon. Skal bli godt med ei roleg førjulshelg:)  

Juleinspirasjon (www.skonahem.com)

God helg alle!


Klem


lørdag 4. desember 2010

Skumring

Eg og Odin tok oss ein liten gåtur i ettermiddag. Har ikkje fått teke skikkelige bilete av huset etter at det er (nesten) ferdig utvendig. Så er det meg og denne skumringa igjen då! Det blir jo mørkt kl. 4. Alt for tideleg, men likevel veldig koseleg. Huset står der så einsamt med is på rutene. Ha SÅ lyst å henge ei jolestjerne i glaset. Anyway...her kjem eit bilete av huset frå baksida. Der det er svart papp kjem det dobbel inngangsdør + vindauge på kvar side. Døra til høgre (som skal erstattast med ei kvit med glas) er til vaskerommet. Trur me må ta oss ein tur til i morgon...før kl. 4=)





Ha ei fortsatt flott helg alle!


Klem

onsdag 1. desember 2010

1. desember

Sidan me bur i ei lita leilegheit for tida, så freistar ikkje julepynting så mykje. Brukar mykje tid på å tenkje på korleis eg skal pynte til neste år:) Gledar meg til det! Odin har fått åpne luke nr. 1 både på pakkekalendaren og på NRK kalendaren. Stor stas i heimen framover no. Spennande dag i morgon, sidan skulen får besøk av sjølvaste Dronning Sonja, i høve at Kaupanger skule skal motta ein pris for inkludering. Dronning Sonja sin skulepris:)


Ha ein fortsatt flott kveld alle!


Ferdig

 God kveld, og velkommen til desember. Nesten 20 kalde på Kaupanger i dag, brrrrr! Liten statusoppdatering på huset skal de få likevel. Huset er no omtrent ferdig utvendig. Det som manglar er søyler og rekkverk til veranda på framsida. Dette kjem ikkje før dei er ferdige innvendig i 2. etasje. Snikkarane har tenkt å nytta verandadøra i 2. etasje til å få inn materiale, derfor skal det stå slik ei stund. Arbeidet vidare no blir inndeling og isolering inne. Dette tek dei til med etter jul. Så no må huset i Blåbærvegen stå tomt og kaldt for seg sjølv ei stund. Nesten som eg har lyst til å hengje opp ei julestjerne i glaset. Men trur det får la seg vente til neste jul:)






Ha ein fortsatt flott kveld alle!


tirsdag 23. november 2010

God kveld

God kveld alle saman. I dag tok eg meg ein runde opp til Blåbærvegen 2 for å sjå på framgang medan det var dagslys. Det blir så fort mørkt på denne tida, at ein nesten ikkje rekk heim frå jobb før det er mørkt ute. Og mørke bileter er ikkje kjekt å publisere her på bloggen.

Framgangen på huset er ikkje til å klage på. No er arken ferdig, verandadører på plass og etasjeskillar er komen på halve huset. (De ser det på venstre side). Etasjeskillar er ei list som går rundt heile huset, omtrent der golvet er til andre etasje. Me ville ha denne sidan huset er ganske høgt og enkelt.

No manglar søylene og rekkverk på veranda oppe. På baksida kjem det også eit overbygg. Når dette er klart byrjar ein verkeleg å sjå korleis huset skal sjå ut når det står ferdig. 

Mange har spørt meg om huset er ferdig måla. Det er det ikkje. Grunnen til at kledninga har lys farge er at den er ferdig grunna. Det vil seie at me nok må svinge målarkosten mest truleg til våren. Planen er at huset vert kvitt. Det er reint og fint:) 




Ha ein fortsatt flott kveld alle!


mandag 22. november 2010

Nytt interiørmagasin

I dag kom Boligdrøm, eit heilt nytt interiørmagasin, i butikkane. Håpar eg får tak i det i morgon. Verkar veldig spennande:) 
Nokon som har lest det i dag?


God natt alle fine folk!


fredag 19. november 2010

Pelsgjengen

Med pels både her og der, kom to kjekke jenter på besøk til meg i kveld. Fyrst litt kaffi og flødeboller i leilegheita. Så var det guida runde i huset. Litt kaldt, men pelsen både her og der, varma godt:) Kjekke jenter, kjekt besøk. 

Roleg kveld i heimen i kveld. I morgon blir det dobbelkamp heime mot Dale, så her må ein psyke seg opp, da sjølvsagt med ein episode Greys Antomy og ein episode Desperate Housewives.
Her står pelsgjengen i andre etasjen i huset. Koselig:)
















Ha ein framleis fin kveld, og god helg alle! 

torsdag 18. november 2010

Arken

Stadig framgang på huset, sjølv om gradestokken ligg på kring -10! Nesten heile taket har fått takstein, og snikkarane har byrja med verandaen og arken som kjem på fronten av huset. Blir stadig flottare. 


 God natt alle!

 

tirsdag 16. november 2010

Økonomisk sans?

Dei to siste dagane har dei byrje å leggje takstein på huset. Må sei det går fort unna i svingane her, og det er moro! Grunna ein del snø her på Kaupanger, dermed ein del snø på taket, og at det i tillegg blir mørkt nesten før ein er ferdig på jobb, så har eg ikkje fått teke bilete som er høvelege. Skal leggje inn fleire bilete så snart eg får eit augneblink med ljos. 

Pipa blir levert i morgon, så Herr Blåbær byrjar å støype den ein av dei næraste dagane. 

Er ikkje til å leggje skjul på at det å byggje hus er ein dyr affære. Så no held eg på å lage eit digitalt budsjett der eg mellom anna skal fylle inn alle utgifter, altså betalte rekningar, etterkvart. Viktig å halde orden på økonomien når rekningane byrje å dumpe ned i postkassa.


Ha ein framleis fin kveld!

 

søndag 14. november 2010

Framgang

Helga har gått med på shopping, byvandring og hygge i Stockholm. Har også nytta anledningen til å smake Sushi for fyrste gong, det var rart men godt på same tid. Hatt ei toppers helg. Var veldig godt å komma heim til gutane mine også. Gave fikk dei begge to. 

På huset er det også framgang. Denne veka er planen at Mr. Blåbær skal setje i gang med støyping av pipa. Ser også ut som taksteinen blir lagd denne veka. 



Ha ein fortsatt fin kveld!

onsdag 10. november 2010

Blåbærvegen

Her kjem litt betre bilete, teke i dagslys. No er takstolane nesten på plass. Skal bli spennande å sjå huset med takstein, søyler og veranda. Kjem etterkvart, så heng med




Ha ein fortsatt fin kveld!

 


tirsdag 9. november 2010

Endeleg del 2

I dag kom andre etasje til huset, og på ettermiddagen byrja dei å setje opp takstolane. Bortsett frå veranda framme, overbygg bak og søyler så er snart heile huset komplett utvendig. Rart å tenkje på at på torsdag var det berre grunnmuren som var ferdig, og i dag er nesten heile huset komme opp. Det står ein del arbeid igjen før taket er ferdig, men likevel har dette gått fort. Skal legge inn fleire og betre bilete etter kvart. Det nederste biletet er litt mørkt, men samtidig veldig koseleg med lys frå vindauga.

Bilete frå tidleg i dag.
Bilete frå i kveld.
Ha ein fortsatt fin kveld.

Klem


søndag 7. november 2010

Inside

Merkleg men god følelse at me no kan "gå inn" i huset vårt. Sjølv om det framleis manglar tak, og at det er ein lang prosess som ligg framfor oss, så kan me faktisk gå inn i huset vårt.  HÆRLEG=)
Meg på kjøkkenet
Kjøkkensamling

fredag 5. november 2010

Fjøratroppen

Her er gjengen som skal spela flott håndball i den komande sesongen. I morgon går turen til Eid, der me skal spele to kampar mot Eid. Sidan det er trippelserie blir det ein del dobbelkampar i denne sesongen. Greit å få det unna når me fyrst er i gang:)

Endeleg!

Endeleg! I dag vart huset levert. Fantastisk følelse å endeleg få sjå nesten heile huset oppsatt. Fyrste etasje er på plass, og me reknar med resten av huset kjem opp måndag. Skal legge ut fleire bilete etterkvart.

Dette vart den verkelege bursdagsgåva nokre dagar på etterskot =)

Fronten av huset

På baksida. Her ser de også platninga som Mr. Blåbær har støypt saman med Onkel Bjarte.

Dette biletet er teke nede i vegen.

Velkommen til ny blogg må eg vel også legge til!

Ynskjer alle ei retteleg god helg



Klem

tirsdag 28. september 2010

Velkommen til ny blogg (igjen!)

Held på å teste ut ny plattform.