Sider

søndag 27. november 2011

Alva er her

God kveld alle kjekke der ute. 1. søndag i advent og eg er endeleg klar for litt blogging igjen. 11.11.11 fekk me endeleg helsa på den lille og søtaste jenta som me har venta på i 9 månader. Heilt fantastisk følelse å bli mamma igjen, og lille Alva er heilt nydeleg. Me kosar oss glugg, og har tenkt å nyta tida framover. Sidan datoen vart årets mest spesielle, vart me kontakta av aviser, radio og lokal-TV den dagen ho vart født. Her kan du lesa det eine innlegget i lokalavisa her i Sogn. Ho vart født kl. 01.02 på natta, den 11.11.11. Har spøka ein del om at ho burde ha komme kl.01.01, 11.11.11!! =)

Skal koma attende med litt bilete etterkvart.

Ha ein fortsatt koseleg 1. advent=)

lørdag 5. november 2011

Love, love, love





Dei siste dagane har vore fylt med kjærleik, eller hugleik om du vil. Onsdag hadde mor i huset bursdag og torsdag hadde Odin bursdag. Me hadde også håpa litt på at lille bebisen skulle komma fredag. Då hadde det blitt bursdag 2.,3. og 4. november her i hus:) Men neida...eg rugar fortsatt, så det er berre å smørja seg med tolmod. Termin på onsdag. SPENNANDE=) 

Uansett så har det vore mykje hugleik i hus. Masse kjekke folk har vore innom og gjeve oss mykje merksemd og gåver. Stas:) Fekk vakre blomar av Herr Blåbær, og av mi eine syster fekk eg uventa den nye boka av Manuela, "Love Manuela", frå Passion4baking, min favoritt bakeblogg:) Masse hærlege oppskrifter, gledar meg til å testa. (Må berre venta til eg har født fyrst).

Ha ein suuuper laurdagsaften alle kjekke der ute=)