Sider

tirsdag 18. januar 2011

Skjellamper

Utruleg å tenkja på at sidan me flytta inn i vår midlertidige hybel, har me lagt bak oss over halvparten av tida her. Det vil seie at det er mindre enn eit halvt år til huset skal stå ferdig. LYKKE!! 

Eg har derfor byrja å tenkje litt på ulike fargeval, tapetval, golv og fliser. I tillegg byrja å gå til innkjøp av diverse "interiørstæsj". Juletrepynt til jul er allereie innkjøpt! Lamper til kjøkenet er det siste innkjøpet. Har kjøpt to stk som skal hengast over øya mi. Gledar meg veldig=)

Lampene er kjøpt på Chicliving.

Fin kveld alle!



lørdag 15. januar 2011

Rull'n ut!

I Blåbævegen 2 er det fart på sakene. Ytterveggar og tak i 2. etg er ferdig isolert, og dei er byrja å isolere på hovudplan. Byrja å føle at varmen brer seg i huset, trass i at det egentleg er kaldt;) Stay tuned for fleire oppdateringar!








Ha ein fortsatt flott kveld alle!


fredag 14. januar 2011

Kjøkken

Hei hopp og god kveld i stova! Det er full sving i huset om dagen. No held snikkarane på med isolering innvendig, og Herr Blåbær er omtrent i mål med å støype pipa. 

For min del så går det ein del tid med på inspirasjonjakt på verdsveven. I tillegg er kjøkkenet ferdig teikna og prisa. Er kjempenøgd med resultatet, og håpar det blir smashing i røynda også:)Er ikkje heilt bestemt på om eg vil ha hylla over vasken på den måten som er teikna her. Noko liknande blir det uansett. Skal også ha ei anna vifte enn det som er på biletet.


Ha ei flott helg!


torsdag 6. januar 2011

GODT NYTT ÅR!

Hei alle mine kjære, og beklagar for lite oppdateringar her inne. Huset har hatt juleferie, og det har eg også. No er nyttårsgleden stigande og huset blir snart fylt opp av snikkarar. 

Kjøkkenbestilling er på gang, gledar oss til det. Skal kome attende med meir detaljar i eit anna innlegg. Lovar eg skal bli flinkare til å oppdatere no etterkvart som huset tek form og som nye val blir tatt, for dei er det nok av:) 

Litt bileter frå julefeiringa i Årdal.





Ha ein fortsatt fin dag!