Sider

mandag 9. desember 2013

Førjulskos

 God kveld i stova! Fått unna litt bakst i dag, og godt er det. Ja, godt med alt som er gjort. Uansett kor mykje ein får gjort, så blir det travelt når det nærmar seg likevel. Kjenner meg sjølv der. Uansett...handball på TV´n er koseleg førjulsaktivitet, sjølv om ein sit heilt i ro.

Heia Noreg!

Linda

søndag 8. desember 2013

Sparkling christmas!



Hei hopp! Har vore stille frå meg i nokre dagar no. Travel som alltid! No har eg ferie frå håndballen til nyttår, faktisk litt godt. Har vore på besøk til mine kjære foreldre i helga, og det er alltid godt å koma heim til mor og far. Utnytta godt dagslys og nysnø i dag, så fekk tatt nokre fine bilete av borna. Så då er det berre å hiva seg rundt å ordne julekort. Fint å få sendt dei avgårde før neste helg. No er det kos i stova!

Ha ein fin 2. søndag i advent-kveld=)

Linda

mandag 2. desember 2013

Pepperkakehuset





Kom i mål med huset i år også. Når eg sit og ser på bileta frå i fjor, så ser eg at huset er nesten heilt identisk. Likar det sånn, så det er ikkje nøye. Huset pyntar opp på kjøkenet, og kvar gang eg kjem inn ytterdøra luktar det himmelsk pepperkake i heile huset. Og det...minnar meg om jul. Litt pynt framfor huset må også til. Lilla kuler til lilla fuglar, bambi og juletre i vatt. No skal eg legga sammen tidenes klesvask. Ikkje akurat favoritthobbyen...men, men, det må berre gjerast. 

Ha ein fin kveld, pepparkakeduft eller ei =)

Linda

søndag 1. desember 2013

DIY - adventskalender





God aften og god fyrste søndag i advent. Borna våkna i dag til to søte dyr i heimen. Ein liten "Bambi", og eit reinsdyr. Begge dyra fulle av små gåver som Odin og Alva kan kosa seg med kvar dag fram til jul. Har fått god hjelp av svigerfar (igjen) til å få saga ut figurane. Med god gammaldags overhead og lysark, var det ingen stor sak å få laga dei. Eg er nøgd, og borna tykkjer det er kjempespennande. Ellers så har dagen gått med på peparkakebaking, og årets peparkakeversjon av Blåbærvegen-heimen er også på plass. No luktar det sånn det skal lukte i heimen i desember....HÆRLE!

Ha ein framleis fin 1. advent i heimen =)

Linda

lørdag 30. november 2013

I mål...




Eit lite mini-innlegg frå meg i kveld. No er det klart for nysgjerrige born i morgon tidleg. Håpar dei blir nøgde med kalendarane. I morgon skal me baka peparkaker, på julegrantenning og adventskafè. Blir ein fin-fin og koseleg søndag. Kjem meir bilete av kalendarane i morgon.

God natt, og ha ein koseleg 1. søndag i advent i morgon =)

Linda

fredag 29. november 2013

Jul i Blåbærvegen



Jepp! Den er i gang... litt julekuler, nokre adventstakar og sviblar er på plass. I morgon blir det pynting for alvor, og siste finish på årets julekalendarar. Har i år hatt eit lite julekalendar-prosjekt. Blir spennande å sjå resultatet. Viktigaste av alt er at borna blir nøgde. I kveld har huset vore fullt av folk. Kjekke folk! Håpar dei kjem snart igjen:) 

Ha ein fin fin fredag=)

Linda

tirsdag 26. november 2013

Enkel julepynt...



Den billigaste og enklaste julepynten du får tak i kan vere julestjerner av papir. Kanskje du er så flink at du brettar dei sjølv? Eg er litt for flink til å nytta for mykje pengar på julepynt. Til gjengjeld er eg kanskje unnskyldt sidan eg har eit nytt hus å fylle opp. Uansett...tips frå meg til deg...kjøp kongler og pynt i papir. Enkelt og billig. Med levande lys i tillegg, blir det stemningsfullt og koseleg. Mine stjerner er frå TineK, kongler frå Bohus, telysholdar med glitrande gull frå Blommingville, telysholdar med hjort frå Kremmerhuset og glitter/kongle "blomst" veit eg ikkje. 

Ha ein koseleg kveld=)

Linda

mandag 25. november 2013

Ny stove...




Kom i mål med om-møbleringa mi forrige helg. Det heile var ganske så impulsivt. Fyrst så hengte eg opp nye hyller frå Bloomingville, eg vart nøgd med sjølve hyllene, men det vart litt tomt under dei. Så då flytta eg skjenken under dei, men då vart det så mykje møblar akkurat i det hjørnet, så eg flytte stolane mine lenger ut på golvet og ved sidan av kvarandre. Då vart det igjen stusseleg. Eg har lenge sikla på det marrokanskinspirerte bordet frå TineK, så då slo eg til og kjøpte meg nytt bord i tillegg. Ganske morosamt i grunn. Puffane har eg hatt lenge, og dei passa fint inn. Som sagt, veldig impulsivt...

Ha ein fin kveld vidare=)

Linda

søndag 24. november 2013

Jula smyg seg inn...



Eg greier ikkje holda meg...kjenner det kriblar i kroppen. Resultatet er nokre par stjerner her og der. Ei veke før tida er vel ikkje heilt krise? Gledar meg til neste helg, då har eg tenkt å baka peparkaker med borna, og sjølvsagt årets versjon av Blåbærvegen 2 i peparkakeform må også produserast. Så får me sjå om kreativiteten tek nye høgder, eller om det blir same stil som i fjor. Går vertfall med nokre kilo melis til dekorasjon. Fin tid i møte :)

Kos deg=)

Linda

tirsdag 19. november 2013

Nedteljing...



 God aften alle! Ser mange er byrja med juleblogging rundt om, og eg må sei eg verkeleg byrjar å gleda meg til pynting i heimen. Har sjølvsagt gjort nokre småinnkjøp allerede, men det får venta til neste helg. Da blir det pynting, tjooheii! Enn så lenge så får eg klara meg med litt gull og glitter, det er vel lov heile året rundt, ikkje sant? Har hengt opp nye hyller/boksar frå Bloomingville i stova i helga, veldig nøgd. Har også jobba meir med om-møbleringa mi. De skal få sjå fleire bilete snart. Vil ta bilete i dagslys, og då må eg venta til helga.

Ha ein fin kveld=)

Linda


torsdag 14. november 2013

Heisann, hoppsann!


God kveld i veven. Travel dame...igjen! Handballkamp i går kveld (ny runde med juling!) I dag har eg vore på eit kjempeartig kurs. Ja, du las rett, eit artig kurs. Kurs er i og for seg interessante dei, men ofte så sit ein og får veldig mykje input, og ikkje moglegheit til å gje noko "output". Har vore på Kor Arti kurs i regi av jobben. Så har sunge i kor i 6 timar. Meget inspirerande og kjekt:) Kom akkurat tidsnok heim til å få litt kosetid med mine søte i heimen, òg har i tillegg byrja på ein liten om-møblering i stova. Har ein liten plan på gang, som eg trur blir bra. De skal sjølvsagt få sjå når eg har det i boks.

Siste jobbedag i morgon, så ei helg...utan PLANAR! HURAAA=)

KOS DEG=)

Linda

tirsdag 12. november 2013

Kos i kroken...


God aften alle ute i veven. Her er heimen framleis ikkje heilt på topp etter helga. Framleis kakesmular på golvet, bursdagskort på bord, og ballongar her og der. Koseleg med litt spor etter feiringa. Men lyt vel ta meg ein skikkeleg runde dei næraste dagane. I kroken er det i det minste ryddig, og det er ekstra kjekt å sette seg ned for avslapping her. Det heimelaga stovebordet frå svigerfar står framleis trygt og solid. Ser de òg at eg har flytta på den komiske lampa mi? Herr Blåbær sitt forslag. Ikkje ofte han kjem med interiørinput til meg, og det vart heller ikkje så verst.

Vanskeleg å ta bilete på denne tida av året, då spesielt om kvelden. Ikkje noko glad i å nytta blits, så bileta blir fort litt uklare.

Ha ein koseleg kveld i kroken din =)

Linda

mandag 11. november 2013

2 x HURRA




11.11.11 kom den søtaste jenta eg veit om til verda. I dag er Alva to år. Herreminhatt så fort tida går. Dagen starta med lys, ballongar, song og gåver. Ellers har det vore ein roleg dag for bursdagsjenta. Har hatt koseleg ettermiddagsbesøk av nabojenta. Så då vart det ein liten restefest frå gårdagens feiring. Hello Kitty kaka var sjølvsagt ein kjempesuksess:)

No er det handballtrening next...

Ha ein fin aften i heimen=)

Linda

søndag 10. november 2013

Bursdag i stova II


 Puuuuhhh...bursdagshelg 2/2 er i havn, og det kjennes godt. Gjestene har reist heim, og sånn såg det ut i heimen etterpå. Eit lite "bak fasaden" bilete frå Blåbærvegen. Eg hadde tidenes bakedag i går, to kaker og to brett med cupcakes. I tillegg til å få orden på heimen før gjestene kom i dag. Det er veldig kjekt medan det står på, og godt når det er over. Har fått utruleg mykje fine gåver til meg og borna. I morgon er det Alva sin store dag, heile 2 år har gått sidan ho kom til verda...tida flyg. Blir ein liten kakebit med to lys i til frukost i morgon på lille frøken Alva, og nokre gåver frå oss sjølvsagt.

Ha ein fin kveld, og ei fin veke=)

Linda

torsdag 7. november 2013

Torsdag kveld frå Blåbærvegen...

 


God kveld i frå Blåbærvegen. Ei svært travel veke har gått som ein virvelvind. Har ikkje vore heime ein einaste kveld så langt denne veka. Handballtrening måndag, bortekamp tysdag, og treningskamp i går. (Ser forøvrig ut som eg har fått juling, er både gul og blå etter vekas aktivitetar.) Så då er det verkeleg stas med kos i sofaen i kveld, ETTER at husvask og rydding er unnagjort. For det er nemleg full rulle i helga også. Årets fotballfest i morgon, bake-kaker-og-cupcakes-dag på laurdag og bursdagsfest for favorittane mine Odin og Alva på søndag, altså bursdagshelg 2/2. Puuuh!!! Nesten som eg gledar meg til neste helg allerede...ingenting på tapetet:)

Ha ein fin torsdagskveld frå der du er=)

Linda

søndag 3. november 2013

Bursdag i stova








Hei og god aften kjære lesarar. Bursdagshelg 1 av 2 er over, og helga har vore meget travel. Fredag hadde eg besøk av ein god gjeng med kjekke jenter. Veldig koseleg med skravling og godt humør. Roleg feiring av meg sjølv på dagen min i går kveld, saman med mor, far og svigers. Lutefisk på menyen, eit hærleg måltid med kjekke gjester. Eg er no inne i mitt siste tjueår, så no har nedteljinga starta...iiik!! 

I dag er godguten Odin 9 år, og det har også vore ei roleg feiring på han, med mange harde pakkar, og mange Lego-bygge-prosjekt. I tillegg til dette har eg vore med å arrangert den årlege markanden for idrettslaget i bygda, og har lagt bak meg ein god del dugnadstimar i går og i dag. Så alt i alt, ei travel men flott helg. Neste helg er det trippelfeiring av meg, Odin og Alva. Då blir det kakefest i Blåbærvegen. Gledar meg til det:)

Ha ei fin veke=)

Linda


tirsdag 29. oktober 2013

Speilegg og Happy Lights





God aften! Sa eg at eg var ein tur på IKEA for nokre veker sidan? Eg og min kjære mor tok turen saman til Bergen, og gjorde ein del innkjøp. Den som fikk den største gleda av det var lille frøken Alva. Ho har blant nnna fått seg kjøkken og bord med stolar. Så no lagar ho speilegg og tomatsuppe kvar dag, og me er så heldige som får vera med å smaka. Happy Lights fungerer perfekt som nattlys, og er ekstra kjekt å ha no når me går inn i den mørkaste tida av året.

Ha ein fin, fin kveld=)

Linda

søndag 27. oktober 2013

Bursdagstid


God aften ute i veven alle! Kva er den jobben du utset mest? Eg veit vertfall kva eg utset mest av alt, (ikkje heilt sikker, men føles slik) det er å ha orden i alle digitale bilete og korleis dei skal lagrast. Sikkert eit velkjend fenomen i vår digitaliserte kvardag. No har eg akkurat overført 5000 bilete frå den gamle Macbooken over til ein ekstern harddisk, men har framleis ikkje rydda i bileta. Huttemegtu for ein kjedeleg jobb. Skippartak! Inne på denne harddisken ligg det sikkert 10000 bilete frå før av. Kva skal ein gjera av alt slikt? 

Jaja, litt og litt om gangen. Framover er det travle tider i heimen. 3 bursdagsborn (inkludert meg) skal feirast to helgar på rad. Så har byrja allereie i dag med litt småbakst. Er berre til å bretta opp erma og sette i gang med planlegging og innkjøp. Litt cupcakes alá Linda må det vel bli i år som i fjor:)

Ha ei fin kveld=)

Linda

lørdag 26. oktober 2013

Innekos...



...er det aller beste på denne tida av året. Masse levande lys og fyr i peisen. Ventar framleis på krittusjane mine, slik at eg kan skriva noko koseleg på den nye tavla. Håpar dei kjem snart. Stemningsbilete til deg på ein laurdag.

Ha ei framleis fin helg =)

Linda