Sider

mandag 28. februar 2011

Trappetitrapp!

Hei alle saman! Sidan vinterferien vår gjekk med på skiing, avslapping og litt besøk, er det ikkje så mange bilete eg har teke i ferien. Skibilete har de allereie fått ein god dose av, kanskje det kjem nokre til påske=) På huset har det vore ei stille og roleg veka. Elektrikaren er ferdig med sitt arbeid, også røyrleggaren. Eg trur snikkarane byrjar med taket i 2. etg i morgon. (Da skal eg legge inn nokre bilete.) Gledar oss!!=) 

Då tenkte eg at eg ville visa kva slag trapp me har valt til huset. Det er ei trapp frå Strynetrapp, Fiol, kvit med tette trinn og den skal gå rett opp. Ganske genialt, for sidan me ikkje har teikna inn boder i huset, har me tenkt å tette den igjen under, å gjera det om til bod. Har ikkje funne ut kva slags farge me skal ha på trinna, men trur dei blir kvite. Er ikkje sikker. Hmmm... Må inn i tenkjeboksen igjen trur eg:)


Ha ein super kveld:)

Klem frå 



torsdag 24. februar 2011

Ytterdør

Er som sagt mykje som skal veljast og plukkast ut når ein held på med husbyggjing. Har nesten bestemt oss for ytterdør no, og det blir mest truleg Diplomat. Var egentleg meint å ha kvit dør, men Mr. Blåbær var veldig ivrig på svart, og eg var ikkje så vanskeleg å be. Svart blir ganske stiligt trur eg:)


Ellers så er vinterferien vår ganske så roleg med skigåing og avslapping. I morgon tek me truleg turen til Årdal på litt familievisitt. Det blir kjekt!:) 

Ha ein fortsatt fin fin kveld alle! Og GOD HELG=)

tirsdag 22. februar 2011

Bad

Tok oss ein tur til Bergen i går, for å handle inn/bestille baderomsinnreiing til badet oppe. Me har ikkje heilt bestemt oss for kva me skal ha nede enno. Men det kjem vel etterkvart:) Valget fall på kvit høgglans innreiing frå Kvik, benkeplata kjøper me på BM og håndtak frå Lisbeth Dahl. Trur det blir svært bra:)

Har stått litt stille i huset nokre dagar no. Elektrikar er snart ferdig med sin jobb. Så det er like før taket innvendig blir lagd. 


Ha ein fortsatt fin kveld!

 

fredag 18. februar 2011

Vinterferie!

For ein hærle følelse...siste dag på jobb i dag, og ei veke med vinterferie står for tur. Håpar godvêret held seg til i morgon, da blir det garantert skigåing/køyring. I dag blir det innekosetid for Blåbærfamilien, deiligt:) Dessutan har Batman flytta inn til oss. Kjekk kar;) 

Ha ei strålande ferieveke=) Eller arbeidsveke!

søndag 13. februar 2011

Winter wonderland

Nydelege forhold i dag óg!=) Vil nytta høvet å gratulera mi kjære mor med morsdagen i dag. Her er eit bilete til deg kjære mor:





Ha ein fin kveld:)


lørdag 12. februar 2011

O'vakre veggar II

Her kjem litt bilete frå 2. etg i huset:) 

Her står lille Mr. Blåbær utanfor sitt komande rom.

Trappeopning, loftstova.

Badet

Master bedroom

Walk-in closet mellom master bedroom og badet.


Trappeopning frå hallen i 1. etg.



 Ha ein fin kveld!

Idyll

Trass minusgrader i dag, var det ein strålande flott dag i bakken på Hafslo. Sola skein frå knallklarblå himmel og føret var supert. Lille mr. Blåbær er blitt kjempeflink på nedoverski, så alt er berre stas. Satsar på like fint vêr i morgon, og ein tur på bortoverski.





 Klem frå

fredag 11. februar 2011

God helg

Endeleg helg! Super god feeling. I helga blir det baderomsplanlegging og ski på oss. Alpint i morgon og langrenn søndag, eller omvendt:) Kjekt skal me vertfall ha det alle tre. 




 Ha ei riktig fin helg alle saman=)




 
Blogglisten

onsdag 9. februar 2011

O'vakre veggar!

I kveld tok eg meg tida til å ta med speilrefleks´n opp i huset for å ta nokre bilete. Framgangen i Blåbærvegen er heilt fantastisk, og veggar er delte inn i nesten heile huset. Det er berre badet nede som manglar. Hadde håpa kanskje me kunne ha byrja med sparkling av veggar i vinterferien...*håpar*. Det hadde vore heilt supert:) PS. Øve meg litt på å ta bilde utan blits, tykkje ikkje det vart så aller verst. Er ganske fersk på speilfronten, så tips mottas med takk!!=)

Dette er i hallen, frå ytterdøra. Trapp kjem til høgre.

I spisestova frå kjøkenet.

Mot hallen frå spisestova.

Mot innerstova. Her kjem det ein vegg, der det stikk opp eit kvitt røyr. Det blir badet i 1. etg.

Mot kjøkenet, frå vaskerommet.

God natt alle kjekke!:)

fredag 4. februar 2011

God helg=)

I kveld blir det blåbærklubb med blåbærjentene i Blåbærvegen. Gledar meg til det. I morgon tek me turen til Årdal og BM, kanskje det blir innkjøp av golv? Har bestemt oss for at det blir kvitmattlakka 1.stavs eikeparkett. Gledar meeej:)







Ha ei hærleg helg alle kjekke folk:) 
 
Klem frå

torsdag 3. februar 2011

Handball og shopping

Det verkar som eg ikkje har noko anna liv enn hus og interiørplanar for tida. Og det stemmer nesten. Får litt tid til handballspeling, og det er bra. Då får eg halde formen oppe, og flesket vekke;) Er klar for dobbelbortekamp mot ÅTIL i helga. Så oppmodar alle i nærleiken til å ta turen. Fyrste kamp er kl. 12.20 og andre kamp er kl. 14.55, på CUBA! Me går som alltid for seier:) 




Ellers så fekk eg levering frå Perfect Home i går. Alltid like kjekt å få pakke. Har kjøpt litt stæsj til huset sjølvsagt:) Det eg kjøpte:



































Veldig nøgd:)

Klem frå