Sider

mandag 30. januar 2012

Pink Cupcakes






I dag fekk eg storfint besøk av ei super venninne eg ikkje ser så ofte. Så da tenkte eg at eg måtte slå til med nokre supersøte rosa cupcakes. Etter at eg fikk "Love, Manuela" til bursdagen min har eg blitt heilt hekta på å laga kaker og cupcakes som ser LOVE ut:) Tenkte kanskje at rosa cupcakes er noko som høver bra til dåpen til Alva også.

Vonar alle får ein fortsatt "lovely" kveld 

Love

 

søndag 29. januar 2012

Strikkalampe...






eller det er vel det ein seier på nynorsk; ei spøtalampe. Det som egentleg skulle bli ei pute enda opp som lampeskjerm. Fyrste gong eg har spøta interiørstæsj, og må sei meg ganske nøgd. Trur nesten eg må lage meg ein lampeskjerm til. Kanskje rosa som Alva kan få på rommet sitt. 

No skal eg ut å få dagens trim, så blir det kveldskos med Herr Blåbær og spøting=)

Ha ein super kveld alle:)

 

fredag 13. januar 2012

God helg!

Litt av årets julegåver på utstilling i glasskåpet. Kjekt å få visa det fram litt og veldig kjekt å få kjekke ting til jul. 

Huset er shina, trilletur unnagjort, kveldsmaten inntatt. No har eg ein date med Mr. Blåbær og sofaen. Hærle med helg.

God helg til alle sammen=)

onsdag 11. januar 2012

Kveldskos


God aften alle kjære! Litt rosa har fått plass i stova etter at alt det raude og glitrande har flytta ut. Litt trist her i huset no etter at julepynten er pakka vekk. Derfor tykkjer eg det er ekstra koseleg med litt sommarleg rosa. Har byrja på eit aldri så lite interiørspøt. Har aldri spøta noko anna enn klede før, så dette skal bli spanande. Skal sjølvsagt visa det fram når eg er ferdig. No ventar eg eit triveleg besøk og håpar at de får...

...ein fortsatt super aften=)

 

onsdag 4. januar 2012

Godt nytt år!

Godt nytt år alle mine kjære! No er jula nesten rydda ut av hus. Det einaste som er igjen er juletreet, stjerner og stakar. Det skal få stå i nokre dagar til. Er så koseleg med alle lysa i vintermørket. 

Ser fram til eit nytt år me mykje spennande. Fyrst og fremst trening!! Masse mat og snop i jula pluss nokre fødekilo som må vekk. Tok min aller fyrste skikkelige treningsøkt i dag. Herleg følelse:) Så kjem Alva sin dåp for tur, eg skal bli tante snart og til sumaren skal Herr og Fru Blåbær bli Herr og Fru heilt på ordenteleg. Altså ja...giftarmål...me skal smi oss i hymens lenkjer ♥. Det blir fantastisk!