Sider

søndag 16. desember 2012

Christmascookies



Trass i kveldens store skuffelse, at Noreg ikkje vann EM-finalen, raska eg i saman nokre hærlege cookies. Oppskrift frå Passion 4 baking. Supergode=) Går inn i den siste arbeidsveka dette året, og det føles meget bra. Så til helga igjen vonar eg at juleroen senkar seg over Blåbærvegen 2. No er det Farmen-finale...spanande.

Ha ein super kveld=)

 

fredag 14. desember 2012

Det er ikkje gull alt som glitrar




Gull eller ei...I love it! Kan ikkje få nok av glitrande stæsj. No er det fyr i peisen + noko godt i glaset + spøt i fanget + mannen på julebord = aleinetid. Det er godt innimellom=)

Ha ei strålande førjulshelg=)

Juleklem,

torsdag 13. desember 2012

Torsdag...



...og snart helg. Kjenner det skal bli ekstra godt, spesielt når det er så mykje kjekke ting å gjera i heimen. Huset må reingjerast, og den siste finishen skal på plass. Då er me så og seie klare til jul. Både Herr og Fru Blåbær skal på kvar sitt julebord i helga. Det skal bli veldig kjekt. No er det sofatid, må kvila kroppen som har blitt meget støl etter at eg spelte handballkamp i går. 

Ha ein fin kveld vidare=)

søndag 9. desember 2012

Tenn lys...




...to lys skal skine, for kjærleik og for tru. 2. søndag i advent i dag, som de alle veit. Har hatt ei kjempekoseleg helg heime i Årdal med mi kjære mor og min kjære far. Herr Blåbær har vore på "barte"-seminar, og i kveld skal eg feira bortgangen til barten som har vore eit trufast familiemedlem i 2 månader. Godt å få Herr Blåbær 10 år yngre igjen. Barten er kledeleg, men eg likar han best utan=)

Ha ein fin 2. søndag i advent=)

 



torsdag 6. desember 2012

I mål...


...med nesten alt. Julegåver ferdig, huset pynta, sølvet pussa, nesten ferdig med årets bakst, og det som gjenstår er litt vask her og der. God følelse å ha fått ein del ting på plass. Men kjenner eg meg sjølv rett, så blir det vel litt julestress på slutten. I år skal eg ha 11 til bords på julaftan, så det må også planleggast. Kjekt er det uansett. 

No er det handballkamp på skjermen og spøt i fanget. Må bli ferdig med skjerfet som Herr Blåbær har bestilt. 

Ha ein fin kveld=)

mandag 3. desember 2012

Julehus



Kjem verkeleg ikkje over den hærlege peparkakelukta som er i huset no. Det luktar skikkeleg jul. I dag har me vore å sett Odin hatt juleframsyning på skulen. Dei var kjempeflinke, og det rører eit mors hjarte å få sjå kor flinke og søte dei er. Alva var på plass på fanget og likte det ho såg. Mest av alt vart ho glad for å sjå julenissen. Det er ein ny og spanande person ho nylig har oppdaga:)

Kos deg vidare=)

søndag 2. desember 2012

Peparkakehuset


 Puuhh...Etter nokre timar på kjøkenet er endeleg årets peparkakebakst unnagjort. Eg og Odin, med Alva og Herr Blåbær som tilskodarar, har kosa oss med peparkakebaking. Huset, som er mykje likt det i fjor, har fått plass på kjøkkenet saman med fuglane på veggen. No luktar det verkeleg jul i huset. Ingenting slår lukta av peparkakehus...hærleg! No er det Farmentid!

Ha ein fin kveld=)

lørdag 1. desember 2012

Fyrste desember



1. desember! Nedteljinga har byrja. I dag vakna Odin til sin årlege 1. desember overrasking...nemleg julekalendaren. Han opna stolt sin aller fyrste pakke, i god tru om at det er julenissen som har vore på nattbesøk og hengt opp kalendaren. Veit ikkje heilt om han likar å tru det, eller om han faktisk trur det. Kjekt er det i alle fall. Ellers så har dagen gått med til å baka cupcakes til firedobbelt bursdagsfeiring av Odin og nokre klassevenner i morgon. I tillegg har eg laga ein gedigen peparkakedeig, som i morgon skal bli til hus og mange knasande gode peparkakefigurar. No har roen senka seg i Blåbærvegen, og sofaen er klar for meg og Herr Blåbær resten av kvelden. Eller nesten...eg trur eg må dilla litt meir i huset:) 
 

Vonar du får ein glimrande laurdagskveld =)

torsdag 29. november 2012

Tid for advent


Hei hopp! Ein av årets adventstake er klar. Kven har sagt at ein berre skal ha ein? Her er det fleire på gang. Det er så koseleg=) På søndag skal det fyrste lyset kveikast, og då er nedteljinga til jul verkeleg i gang. I kveld har eit tent eit raudt lys, og no er det sofakos og litt spøting.

Kos deg vidare du óg=)



onsdag 28. november 2012

Julebling i hallen


 


God kveld alle ute i veven. I kveld greidde eg ikkje venta meir. Eg berre måtte pynta minitreet vårt som me også hadde i hallen i fjor. Det har fått sin faste plass, og skal stå her å glitre heile desember. Dette treet får ein del innslag av raudt, sidan hovudtreet blir "raudlaust". Dessutan så er dette ungane sitt tre, med englar, kongler, hjerter og søte fuglar. Som lys har surra rundt to lyslynger som går på batteri. Slike slynger er heilt genialt. Kan surrast rundt kva som helst. Kan til og med gje litt lys og varme til det komande peparkakehuset. Håpar me får tid til litt peparkakebakst i helga. I år blir det ein ny versjon av huset som eg laga i fjor. Ikkje så mange endringar, men litt.

Det var kveldens oppdatering frå Blåbærvegen. Her er det fotballkamp på TV,  som for min del berre blir sett med eit kvart auge;)

Ha ein super kveld vidare=)

søndag 25. november 2012

Søndagsmodus



Trass i ein roleg søndag i heimen, (grunna laurdagkveldens festivitas) har eg kosa meg med litt førjulskos. Ein blir aldri for sliten til ein slik type aktivitet. Er enno ikkje ferdig med alle gåvene, men planen er at alt skal vere ferdig til 1. desember. Tenk at det er berre ei veke igjen til fyrste søndag i advent. Ååååå...det ser eg verkeleg fram til. No skal kroppen kvila seg litt på sofaen. Blir sikkert Farmen, om ikkje ein betre film.

Kos deg i kveld du óg=)



fredag 23. november 2012

Hei hå!


Då har endeleg kveldsroen senka seg. Har vore på fotballturnering med nabodamene, og det gjekk kjempebra, bortsett frå at me ikkje vann ein einaste kamp(!) Meget god innsats var det vertfall, og ein livleg gjeng. I morgon skal me feira innsatsen, og det gledar eg meg til. No er det TV-tid, og sjølvsagt spøtetid.

Ps. Veit du at IKEA har blitt nettbutikk? Meget bra for oss som bur i distriktet vertfall...jiiihuuuuu=)

Ha ein fin fredagsaften=)

tirsdag 20. november 2012

Årets fyrste


Då er årets fyrste julegåve pakka inn. Hærleg følelse! Har kjøpt mykje fint papir på Panduro i år, og diverse sløyfebånd på Stoff og Stil. Mykje fint å finna rundt omkring, så augene går av og til i spinn når eg augar ulike juleeffektar. Etterkvart no så vil også huset gradvis bli pynta til jul. "So let the X-mas joy begin"=)

Litt for tidleg å seie God Jul, så eg held meg til: ha ein framleis fin aften=)


søndag 18. november 2012

Veggpryd



Sjølv om me har budd i huset i godt over eit år no, så føler eg framleis det er vanskeleg å bestemma seg for kva som skal opp på veggane. Eg har hatt mange tankar og idear kring dette, men er redd for å angre meg, og deretter få unødvendige hol og merker på veggane. Så slik som det er no, så er det ganske stusseleg på mange av veggane. Denne har komme opp på veggen på kjøkkenet, med heimelaga POM-POM-blome. Eg elskar pom-pommar, dei er så hærlege og "puffete".

 Har tenkt å lage ei forstørring av eit av brudebileta til å ha på veggen, men også her er eg usikker. Kvar skal det henge? Tenkjer at det må henga i stova, men kvar i stova? Får legge det bakerst i hovudet ei stund til tenkjer eg.

Nyt søndagen vidare=)



lørdag 17. november 2012

Min IKEA-bil er lasta med...


 ...to søte puter. Var på Ikea med min mor i dag. Hytta er snart klar, så ho hadde nokre kjøken-ærend og eg fikk henga meg med. Stapp full varebil heim, med masse hærlege interiørnips, og sjølvsagt ein del julestæsj. O' gladelege IKEA! Har lenge tenkt på å byta ut dei to runde putene som har hatt sin buplass i Riviera stolane våre. Kom over desse supersøte putene dei hadde fått inn på Ikea, og da måtte eg slå til. Sjeldan eg kjøper puter på Ikea, men desse greidde å lura seg med heim.

Spøtetid!! 

Ha ein triveleg aften alle=)

søndag 11. november 2012

Litt fornying i heimen

Eg har ikkje vore heilt nøgd med gardinene eg har hatt i stova. No har eg fått hengt opp nokre nye, og eg føler meg meir nøgd med desse. Tykkjer stovegardiner er veldig vanskeleg. Føler eg aldri finn noko eg likar, trass i det enorme utvalget som finnes i dag. Det er sikkert eg som er kresen. Uansett så er desse mørkare og lunare enn dei forrige eg hadde. Og det passar i grunn fint på denne tida av året. Ser ut som dei er svarte på biletet, men dei er brune, så biletet lyg litt.

No er det spøte- og Farmentid på Fru Blåbær. 

PS. Det har blitt gjort stas på 1 åringen i dag og. Ho har vore strålande nøgd heile dagen, men eg tippa ho ikkje har skjønt så mykje. Heller ikkje når me sang bursdagssong til ho. HURRA FOR ALVA=)

KOS DEG=)