Sider

tirsdag 29. mars 2011

Hei PEIS II

God kveld alle! Liten oppdatering frå Blåbærvegen. Peisen er montert og på plass, vart kjempenøgde, heilt supert:) Manglar sparkel og maling da, men det kjem etterkvert. I morgon kjem det eit par tonn med golv til oss, og fredag kjem kjøkenet. Har starta litt med å leggja tapet...mykje å gjera, men MORRO=)  



 Ha ein fortsatt flott kveld=)


torsdag 24. mars 2011

Bilderas

Hei og god kveld alle kjekke folk! Beklagar for slapp oppdatering. Har vore hektiske tider både på jobb og med huset. I tillegg var me på ein super tur i helga som var. Feira bestefar som vart 75, på Kielfergo. 14 små og store frå Årdal, Kaupanger og Orkanger samla seg i Oslo på forrige fredag, satte oss på Color Magic og suste avgarde. Superkjekk tur med ein super familie.

Ellers å har det i huset vore ein super framgang den siste tida. Har fått meget god hjelp av svigers som har sparkla, pussa og grunna nesten heile huset!! Kun eit par veggar som står igjen, og dei blir ferdig grunna av min mor i morgon. Tusen takk for super hjelp:) Golvet og kjøkenet kjem over helga. No byrjar det verkeleg å ta form. Hihaaaa=)

Stove i 2. etg.

Stove i 2. etg frå verandadør.

Bad 2. etg.

Master bedroom:)

Gjennomgang fra master bedroom - walk in - bad.

Stova i 2. etg.

Kjøkenet.

Kjøken.

Stova frå kjøkenet.

Tv - kroken

Peisen, på veg:)

Badet nede.


Ha ein fortsatt fin fin kveld, og god helg=)


lørdag 12. mars 2011

Vår?

Ikkje noko anna å gjera enn å laga snømenn i den ferske snøen som har komme i det siste. Og det har komme MASSE!! Ikkje så mange vårteikn enno, trass i at me nærmar oss april med stormsteg. Odin har laga snømann med mor, medan Herr og Fru Blåbær har komme godt i gang med sparkling og grunning. Har jobba i heile dag, så har fått gjort mykje. No blir det avslapping og kos resten av kvelden, før me trør til igjen i morgon tidleg:)

























Ha ein fortsatt fin kveld alle=)

fredag 11. mars 2011

Velkommen eigeninnsats!

Då er det i huset komme så langt at me straks skal til å byrje med grunningsarbeid på veggane inne. No er det litt avslappning på sofaen medan Herr Blåbær er på fotballtrening. Og etter det så byrjar me!! Jippi, gledar meg=) 

Litt bilete frå framgangen så langt:

Taket i 2. etg. Ferdigmalt:)
Badet i 2. etg. Her kjem baderomsinnreinga.
Eit av soveromma.



Ha ei superduper helg=)

 


onsdag 2. mars 2011

O'vakkert tak!

I dag var nesten heile gipstaket i 1. etg på plass. Herleg følelse:) Når eg såg alle skruehola er eg glad for at eg ikkje skal sparkle og male dette sjølv. Sikkert litt av ein jobb! Blir vertfall veldig bra med kvitt og glatt tak:)



Ha ein fortsatt fin kveld=)