Sider

onsdag 20. april 2011

Tapetsmakebit!

Kjøkkenmonteringa er i full gang, og me har jobba non-stop sidan søndag. Har fått lagt golv, hengt opp tapet og fått unna det meste av kjøkkeninnredninga. I morgon blir det opp tidleg for å jobbe eit par timar på huset, SÅ tek me velfortjent påskeferie og reiser til fjells på formiddagen ein gong. Vil derfor ynskje alle de kjekke folk ei riktig god påske=) 



 

fredag 15. april 2011

God Påske=)

Fekk ein "god" påskeånd over meg i dag. Tenkte eg trengte ein liten belønning til meg sjølv, så eg tok rett og slett å kjøpte meg den her:

Eit lite søtt sørfebrett som sikkert blir min nye bestevenn;) 

I kveld blir det klubb med blåbærdamene og morgon blir det ein liten tur til Ikea og Kvik. Skal oppdatera etterkvart korleis det går med kjøkeninnreiingsmonteringa. 

Ha ei super helg alle kjekke, og ei riktig God Påske=)

 

søndag 10. april 2011

Parkett

Då er det fyrste rommet i huset ferdig. For vår del vertfall. No er det listing og dør som manglar for at soverommet vårt der heilt ferdig. Herr Blåbær og Onkel Bjarte byrja å legga golv i går, og Herr Blåbær gjorde det ferdig i dag. Golvet vart rett og slett heilt fantastisk flott. Me vart supernøgde:) Ein liten smakebit av golvet skal de får. Biletet lyg litt på fargen av golvet. Golvet er ein aning lysare enn det kjem fram på biletet. 
 

Ha ein fortsatt fin kveld!



fredag 8. april 2011

Ein liten dæsj blått i Blåbærvegen!

God fredag! Må sei meg svært nøgd med fargevalet på kontrastveggen på hovudsoverommet. Det vart kjempefint. I morgon blir det lagd parkett på soverommet, så da er det heilt klart til listing. Blir jobbing heile helga, håpar me får gjort mykje:) Gipstaket vart også ferdig denne veka, vart kjempebra resultat=)

Bileta er teke med mobil, så får ikkje heilt fram rett farge. Skal ta med meg refleks´n ein dag, så skal de få sjå betre bilete.




Ha ei super helg alle=)

lørdag 2. april 2011

Det fyrste strøket med maling

Hei og god kveld i stova! I dag fekk huset sitt aller fyrste strøk med maling. Det vart soverommet vårt som fekk den fyrste runden med kosten. Har malt eit strøk med lys maling i dag, og i morgon skal eg prøva meg på ein kontrastvegg på soverommet. Det blir skyggeblå, i Pure Color serien. Håpar det blir bra=) 




Ha ei fortsatt flott helg=)