Sider

fredag 28. september 2012

Bryllupshelg


I helga blir det bryllaupsgoodfeeling. Skal i bryllup til ein kamerat av Herr Blåbær. Blir feiring både fredag og laurdag. Me gledar oss. Har til og med kjøpt meg ny veske for anledninga. Ikkje så stor, men akkurat nok plass til Iphone, ein liten gloss og litt anna småstæsj. Har mykje planar i helgane framover, så her går det unna i svingane. Håpar du kosar deg=)

Godhelgklem frå Blåbærvegen=)

 

torsdag 27. september 2012

Hallen...




...igjen. Fleire som har etterspurt fleire bilete av huset. Så da tenkte eg at eg kan visa litt fleire bilete teke på litt avstand, slek at de får sjå meir av heile rom. Skal prøva å få til fleire framover i tida som kjem. No er det litt ryddetid i Blåbærvegen, så bir det kveld og enda litt meir spøting om litt. 

Fin fin torsdagskveld til alle ute i veven=)

onsdag 26. september 2012

I kosekroken...

 ...kosar me oss kvar ettermiddag. Utsikten frå kosekroken ser du ovanfor. Veldig fin plass å sitta med kaffikoppen medan Alva leikar på golvet. Det har vore ekstra godt å sitta her dei siste ettermiddagane, spesielt etter ei hard helg med festivitas frå fredag til sundag. Pappa vart feira med storslagen bursdagsfest laurdag, og eg har framleis vondt i kjakane etter alle latterkulene utover kvelden. KJEMPEAFTEN=) No er det handballtrening next, og deretter sofaen med spøting på fanget. Har komme godt over halvvegs på Skappelgensaren, så no er det berre å halda koken.

Ha ein framleis fin kveld=)

fredag 21. september 2012

God helg



God aften! Stikk hovudet innom for å ynskja alle ei super helg med nokre stemningsbilete frå Blåbærvegen. Kos deg i helga, det skal vertfall me!

God helg=)

torsdag 20. september 2012

Cupcakes



Då er me klare for å feira min kjære far som blir 50 år! Nettopp ferdig å lage cupcakes. Så no gledar me oss til festivitas i helga. HURRA FOR PAPPA - 50 ÅR=)

Ha ein fin kveld vidare=)

tirsdag 18. september 2012

Takk!



God aften! Eit par mimrebilete frå vår fantastiske dag. I desse dagar ventar me nemleg på at takkekorta frå bryllupet skal bli ferdig i trykk. Det er fotografen vår som har designa dei for oss. Gledar meg til å få sjå resultatet. Har ikkje ferdigskriven tekst inni, så er her det berre å brette opp erma å skrive. Skal bli godt å få det ut av verda óg kjenner eg. Det blir på ein måte eit slags punktum for heile bryllupet. Så etterkvart på me plukke ut eit bilete eller 5(!) som skal få pryda stoveveggen, og eventuelt andre veggar rundt om i huset. Det kjem ikkje til å bli lett å velja mellom alle dei fantastiske bileta.

Fin tirsdagskveld=)

 


søndag 16. september 2012

Roleg søndag



Hei hopp! Kva har du gjort i dag? Her har det vore ganske så roleg for min del. Litt besøk har eg hatt, det var koseleg. Herr Blåbær og Odin har vore på fotballturnering heile dagen, det var gøy! No er det straks fotballspeling med nabodamene. Noko me pleier  gjera kvar søndag. MORRO! Så blir det Varg Veum og sofakos før søndagen er over.

Kos deg=)

 


lørdag 15. september 2012

Laurdagsblomar



Hei til alle inni veven! Ingenting er koslegare enn haustblomar i karmen om hausten. Og ingenting er betre enn laurdag. Ynskjer alle som tek turen innom ein fin fin laurdags kveld.

Klem frå Blåbærvegen=)


fredag 14. september 2012

Fredagskos


God fredagskveld til deg. Slek er utsikten frå sofakroken no. Ein midlertidig løysing med lese/spøte/kaffikrok for å fylle opp stova vår. Vogga til Alva har flytta ut, og det er framleis rikeleg med plass. Har tenkt å ha ein sofa til der borte i kroken. Men som sagt så tek det tid og plass på kontoen å fylle opp. Dessutan så er det koseleg å gjere litt etter litt. 

No har fredagsroen senka seg i Blåbærvegen. Masse levande lys, og fredagsprogram på TV´n. Fredagen er så utruleg mykje betre no når eg har byrja i jobb igjen. Kos deg i helga, det skal vertfall me. 

Ha ei riktig god helg=) 

 
 

onsdag 12. september 2012

Maleprosjekt


God kveld alle ute i verdsveven! Eg bestiller og svigerfar lagar på "nullkommaniks". No har han laga to nye tallerkenhyller til meg. Han er skikkeleg produktiv, og det likar eg. Ein til Alva og ein til meg.  Så no er planen å male litt i helga. Så skal de få sjå sluttresultatet når eg er ferdig. Det blir spanande...

Ha ein fin kveld vidare=)

tirsdag 11. september 2012

Sukkerspinnlampe





God kveld i veven! Etter IKEA-turen min i helga fikk eg fylt opp bilen med masse spennande saker. Må sei at IKEA på Åsane er heilt vanvittig svær. Nesten som eg vart litt svimmel innimellom der. Uansett...oppdaga denne hærlege lampa i lampeavdelingen. Den er berre heilt hysterisk morosam, søt, rar, fin, merkeleg...den er heilt MEG, and I LOVE IT!=) Så den fikk bli med heim i Blåbærvegen. Eg ler faktisk litt kvar gong eg ser på den, blir i skikkelig godt humør av den luftige skjermen. Det må vel vere ein god ting?

Ha ein fin kveld vidare=)

søndag 9. september 2012

Blåbærvegenbloggen

(Bilete henta frå bt.no)
  God kveld! Artig dag for Blåbærbloggen. For nesten to veker sidan hadde eg besøk i frå ei kjempekjekk dame frå Bergens Tidende. Ho tok bilete og filma litt rundt i huset medan eg fortalde litt. I dag kom innslaget på bt.no. Kjempemorosamt! Du kan sjå innslaget her.

Ha ein fin sundagskveld vidare i veven=) 




fredag 7. september 2012

Haust


Hei hå! Hausten har komme for fullt i Sogn. Då er også haustblomane på plass i Blåbærvegen. Ville igrunn berre ynskja alle ein super fredagsaften, og ei riktig god helg.

KOS DEG=)



torsdag 6. september 2012

Kjøkken





God kveld ute i veven! Snart helg igjen. Det skal bli godt. I helga tek eg turen til IKEA. Litt småtteri på handlelista, i tillegg til å kjøpe eit hyttekjøkken til foreldra mine. Gledar meg til å sjå det nye varehuset på Åsane. Ikkje feil å ta turen dit ein laurdag. Sidan det er nokre timar unna, er det ikkje så ofte eg tek turen. Derfor er gleda stor. 

Slenger med nokre bilete av kjøkenet av litt nyare dato enn det som ligg ute frå tidlegare. Byrjar å bli godt nøgd med dette rommet. Ting fell på plass litt etter litt. Tar tid å få orden på eit stort hus, når ein flytta inn utan noko som helst.
Kos deg vidare i kvelden=)

tirsdag 4. september 2012

Ein liten hendig sak...



...er den nye Geneva'en me fekk i bryllaupsgåve av nokre av mine venninner. Når ein ikkje har noko superanlegg i stova er ein slik sak midt i blinken. Den er i tillegg til docking for iPod/iPhone også DAB radio. Det betyr at eg kan høyra på alle bykanalane trass i at Blåbærvegen er nærare distriktet enn byen.  Det kan eg lika!=) 
No skal eg kosa meg med spøtet og TV'n vidare inn i kvelden. 

Kos deg du og=) 



søndag 2. september 2012

Eit nytt kjøkkenmedlem...




Kjøkkenet har fått eit nytt cremefarga medlem. Nespresso sin nyaste modell Maestria. Med retrolook passar den perfekt til resten av retromedlemmane på kjøkkenet. Me har vore lei traktekaffi ei god stund og har sjekka rundt etter kva slag maskin me kunne ha tenkt oss. Når me kom over denne maskina, var det ingen tvil. Den måtte berre bli med heim i Blåbærvegen=) Hærle med ein sterk Espresso for å kvikka seg opp...

Ha ein fin sundag=)