tirsdag 12. juli 2011

ENDELEG!

Endeleg har me flytta inn i Blåbærvegen=) Me flytta inn på fredag og har sidan det berre gått i lykkerus. Å flytta frå ei lita leilegheit til eit stort hus er litt av ein overgang. Når det i tillegg er draumehuset, er lykkerus ein sjølvfølge:) Har hatt litt kluss med breibandsbestilling, så me er framleis internettlause. Har fått lånt meg litt nett i dag, så eg fikk betala rekningar og oppdatera her på bloggen. Kjem sterkare attende med bilete frå herlegheita så snart eg har fri tilgang til verdsveven.

På kjøkenet for kring 6 mnd sidan:)