fredag 16. mars 2012

Tallerkenhylle

Her i heimen er det komme i hus ein del heimalaga ting i det siste. Stubbane som nattbord, tallerkenhylle til barnreommet, settekassehus til Alva og snart kjem det eit stovebord til meg. Har ein flink og produktiv svigerfar:) Han produserar og eg tek den siste finishen med maling og lakk. Tenkte eg ville visa den fine tallerkenhylla som har komme på gutterommet. Fantastisk bokhylle som gir veldig god oversikt over bøkene. Så kan ein bytte ut utvalget inni mellom for å frista til meir lesing. Det er kjekkare å velge seg eit bok for kvelden no:)

No skal eg sjå The Voice, og kosa meg saman med Herr Blåbær.

Håpar de får ein koseleg fredagsaften=)

tirsdag 13. mars 2012

Mine rosa stubbar





Eg må sei meg ganske nøgd med resultatet. Mala i den nyaste malingen til Lady; Supreme Finish, med glans 80. Eg seier berre wow! Fantastisk maling, trass litt stiv pris. Men når det var snakk om så lite, så måtte eg berre slå til. Skikkelig glans på stubbane, nesten som dei har blitt lakka eit strøk over malinga. Foreløpig blir stubbane mine nytta til nattbord. Så får eg sjå om dei får seg ein ny plass seinare.

Ha ein super kveld alle kjekke:)

mandag 12. mars 2012

I love pink!!

Har eg forelska meg heilt i nellikar. Kjøpte nokre bukettar til dåpen som hadde nellikar i seg. No over ei veke seinare, så er dei like fine. Ja, kanskje til og med finare! Dei held seg veldig godt, og blir berre vakrare og vakrare dess lenger dei står. I dag samla eg dei til ein stor rosa bukett. Trur kanskje eg må kjøpa meg fleire når desse er ferdige. Sleng med nokre bilete frå ein utruleg flott og kjekk barnedåp me hadde førre helg. Dåpsbornet var eksemplarisk som alltid, og rynka berre bittelitt på nasen når ho fekk vatn i hovudet. Snille Alva:) Kjem meir rosa på bloggen snart. Eg har tenkt å visa fram stubbane mine, som rett og slett vart måla rosa.





Ha ein fortsatt strålande aften alle der ute i veven=)