fredag 22. juni 2012

Tripp trapp...


 God fredags aften ute i veven. På gjesterommet heng brudekjolen klar til bruk. ÅÅÅ...eg gledar meg så inderleg. Herr Blåbær har sjølvsagt ikkje sett den, og skal heller ikkje sjå den før den store dagen. Det de ser henge på biletet her er underskjørtet mitt, som består av mange lag med tyll. Skikkeleg puff:)

Ynskjer alle ei fin Jonsokhelg=)

tirsdag 19. juni 2012

Bryllupsinspirasjon



 
God kveld fine folk. Eit lite bryllaupsinspirasjonsinnlegg er vel på sin plass. Så kan de få sjå litt korleis brudebuketten kan bli sjåande ut. Har óg tenkt å lage pom poms av silkepapir. Har øvd meg på det øverste biletet, og er ganske nøgd med resultatet. Så kanskje; les kanskje, det blir slike på borda, eventuelt hengande rundt om, viss eg får tid. Men enkel, vakker og billig pynt er det vertfall.  Ein kan også lage dei store å ha dei hengande på eit barnerom eller nytta dei i andre "festivitashøve".
(Dei tre nederste bileta er frå google.)

Nyt kvelden vidare=)

mandag 18. juni 2012

Prinsesserommet





God aften i veven! Gardinene til Alva har vore feridgsydde ei god stund. Men med bryllupsplanlegging og permisjonsboble tok det litt lenger tid å få hengt dei opp enn planlagt. Må sei meg ganske nøgd med resultatet (når dei endeleg vart hengt opp). Alva søv godt om natta. Så verkar vertfall som ho er nøgd. Litt lite møblar enno. Men det kjem litt etterkvart.

Må beklage litt for slapp oppdatering, men bryllupsplanlegging tek tid! Reknar med det er normalt? Kjekt er det vertfall. Skal prøve å oppdatere litt jamnare no framover. Kanskje litt bryllupsinspirasjon er på sin plass også? Bilete frå den store dagen skal de vertfall få sjå etterkvart. Kan jo nett tilføye at det er under 4 veker til den store dagen. GRUGLEDE:) 

Ynskjer deg ein framleis fin aften=)