Sider

søndag 1. desember 2013

DIY - adventskalender





God aften og god fyrste søndag i advent. Borna våkna i dag til to søte dyr i heimen. Ein liten "Bambi", og eit reinsdyr. Begge dyra fulle av små gåver som Odin og Alva kan kosa seg med kvar dag fram til jul. Har fått god hjelp av svigerfar (igjen) til å få saga ut figurane. Med god gammaldags overhead og lysark, var det ingen stor sak å få laga dei. Eg er nøgd, og borna tykkjer det er kjempespennande. Ellers så har dagen gått med på peparkakebaking, og årets peparkakeversjon av Blåbærvegen-heimen er også på plass. No luktar det sånn det skal lukte i heimen i desember....HÆRLE!

Ha ein framleis fin 1. advent i heimen =)

Linda

1 kommentar:

  1. Ååå så utruleg fine!! Snakk om å vera kreativ altså :)
    Dette fekk eg veldig lyst å prøve på til neste år :)
    Kor kan ein finne skisse av dyrene som passer til dette? Å kor stor lagde du dei? :)

    SvarSlett