tirsdag 28. juni 2011

Det nærmar seg

God kveld i stova alle saman. Beklagar for slapp oppdatering frå denne fronten. Men som de sikkert forstår så er det hus, hus og atter hus som står på programmet om dagen. Medan Odin er på SFO, jobbar eg og Herr Blåbær med diverse monteringsarbeid. No er alle garderobeskap og Ikeakjøkenet på vaskerommet ferdig montert. Dørar er på plass, vatn fekk me i dag og i morgon blir det lys. Hurra!! Me gledar oss STORT, og satsar på innflytting om ei vekes tid. Det siste som manglar no, og som kanskje er det viktigaste er trappa. Den kjem denne veka. Skal ta ein del bilete etterkvart, så skal de få sjå:) 

To bilete eg har teke i full fart med mobilen:

Blandebatteri på kjøkkenet. fliser kjem opp denne veka.


Ha ein fortsatt fin kveld:)

4 kommentarer:

  1. Den vasken og blandebatteriet var NYDELIG! Gleder meg stort til å se flisene! Må være utrolig stas å være så nær innflytting! Lykke til!

    SvarSlett
  2. Oi! Ser ut som me har lik smak :D
    Trur eg må følge med deg vidare ja :)
    God kveld! Hilsen Grete

    SvarSlett
  3. Wow, dere får det jammen flott. Gleder meg til å se resten;)

    Vigleik

    SvarSlett
  4. Så nydelig vask og blandebatteri <3
    Ha en fin sommer
    klem Tove

    SvarSlett