mandag 10. oktober 2011

Siste innspurt...


 4 veker til termin, og her i huset er det framleis ein del ting som står ugjort med tanke på at det skal komma ein liten baby i hus. Litt småting her og der som skal på plass. I dag har vindauga blitt pussa og mor i huset har fått baka litt. Odin sin bursdag er ikkje så langt unna, dessutan er det lurt å ha litt bakst i frysaren til barselbesøk:) Herr Blåbær er i gong med å mala vogga som min bestefar har laga. De skal få sjå bilete av ferdig resultat. Ellers så kosar me oss med haustferie, fyr i peisen og snart ferske deilige bollar med kanel i svingene.
 
Ha ei fin veke alle kjekke=)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar