søndag 18. november 2012

Veggpryd



Sjølv om me har budd i huset i godt over eit år no, så føler eg framleis det er vanskeleg å bestemma seg for kva som skal opp på veggane. Eg har hatt mange tankar og idear kring dette, men er redd for å angre meg, og deretter få unødvendige hol og merker på veggane. Så slik som det er no, så er det ganske stusseleg på mange av veggane. Denne har komme opp på veggen på kjøkkenet, med heimelaga POM-POM-blome. Eg elskar pom-pommar, dei er så hærlege og "puffete".

 Har tenkt å lage ei forstørring av eit av brudebileta til å ha på veggen, men også her er eg usikker. Kvar skal det henge? Tenkjer at det må henga i stova, men kvar i stova? Får legge det bakerst i hovudet ei stund til tenkjer eg.

Nyt søndagen vidare=)



4 kommentarer:

  1. Da tykkjer eg du rett og slett skal laga deg ein biletevegg med anten spiker i veggen, eller desse fine biletelistene du har fra IKEA :) eg elskar dei! Samla alt på ein plass, eit lite galleri i heimen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har tenkt på det óg...men må samla litt bilete fyrst..legga ein plan:) einig med deg, galleri må nok ver tingen:)

      Slett
  2. Les blogg på Island, kjekt!

    BB

    SvarSlett