Sider

torsdag 13. oktober 2011

Lift me!




Lift leigd, og siste innspurt på husmålinga er i gang. Kanskje litt i seinaste laget sa du? Her har det regna omtrent non-stop den siste månaden, så her er det berre å gripa sjansen når finveret sler inn:)  Herr Blåbær er i full sving, medan Fru Blåbær står til tjenseste med kaffi og mat. Oljemaling og gravide er ein dårleg kombinasjon...

Ha ein koseleg kveld=)
 


mandag 10. oktober 2011

Siste innspurt...


 4 veker til termin, og her i huset er det framleis ein del ting som står ugjort med tanke på at det skal komma ein liten baby i hus. Litt småting her og der som skal på plass. I dag har vindauga blitt pussa og mor i huset har fått baka litt. Odin sin bursdag er ikkje så langt unna, dessutan er det lurt å ha litt bakst i frysaren til barselbesøk:) Herr Blåbær er i gong med å mala vogga som min bestefar har laga. De skal få sjå bilete av ferdig resultat. Ellers så kosar me oss med haustferie, fyr i peisen og snart ferske deilige bollar med kanel i svingene.
 
Ha ei fin veke alle kjekke=)


lørdag 8. oktober 2011

Haustferie








Da har familien teke haustferie, medan mor i huset har teke permisjon. Ein liten månad igjen til termin. Huhei som det går! Stille og roleg i heimen i helga. Odin har reist på helgetur med besteforeldra, så då har eg og Herr Blåbær berre kosa oss saman. Skal uansett blir veldig godt å få Odin heim i morgon. Huset er ikkje det same uten han. 

Endeleg har lampa mi komme på plass. Vart veldig nøgd med den. Den er ekstra koseleg å ha på no i haustmørket. 

Me har fyrt opp i peisen, og har tenkt å bli verande på sofaen til langt på kveld:)
Ha ein super laurdagskveld:)

søndag 2. oktober 2011

Kvitrande fin

Min aller fyrste NIB utfordring. Sidan kjøkenkroken er av ein litt spesiell karakter, tenkte eg at eg kunne hiva meg med i konkurransen eg og. Denne tapeten er frå Borås, og den kjem i fleire fargar. Ein blir rett og slett i godt humør av desse søte fuglane:)



 Ha ein fortsatt fin kveld=)

fredag 30. september 2011

Fredagsønsker

God fredagskveld:) I kveld prøver eg å blogga frå iPaden. Så langt ser det bra ut. I dag har eg hatt supertriveleg besøk av Tonje og Hege. Skulle vel ha tatt litt bilete, men må innrømma at eg må bli flinkare å dra fram kameraet. Kjenner at eg blir litt fortare sliten for tida, som ikkje er så rart med tanke på den aukande veksten av magen. Ei veke igjen på jobb før permisjon. Jiiihooooo:) Gledar meg!!

Tenkte eg ville dela litt "hallønsker" i kveld. Har veldig lyst på dette frå Riviera Maison:







Så har du lyst til å spandera? Verså god:)


Fin helg alle kjekke:)

Linda

søndag 25. september 2011

Sundagskos

God aften! I dag har ikkje familien Blåbær gjort så alt for mykje. Søndagen har gått med på ein liten tur og litt sofakos. Eg held fram med sofakosen som inneheld spøting, stearinlys og blogglesing på iPad'n. Held på å strikka eit babyteppe til den lille, og er omtrenteleg komme halvvegs. Håpar eg blir ferdig! 



Ynskjer alle ein framleis fin kveld og ei fin veke=)  


fredag 23. september 2011

Litt stove

God kveld i stugu! Eg held fram med å syna fram frå heimen, og i kveld tenkte eg å visa litt av stova vår. Tv-bordet kom forrige helg med lastebil frå Italian House. I går fekk eg lampa mi frå TineK. Hærleg liten (les; stor) sak. Den blir truleg hengt opp i morgon.  Den skal henge i hjørnet over sofaen. Ellers så manglar eg framleis gardiner og eit skikkeleg bord her i sofakroken. (Som de ser så har eg investert i ei midlertidig løysing; Ikeabord til heile 40 kr.) Litt meir stæsj og nokre haustlege puter må også på plass. Ting tar tid (og kostar peng).

Ellers så er det alltid hærleg med fredag. I love fredag. Huset er vaska, Odin er bada, Fru Blåbær er sofaklar (Herr Blåbær spelar fotballkamp, så han er ikkje sofaklar før om litt) og TV´n viser oss Idol. Håpar de kosar dykk like mykje som oss.





Lampeskjermen frå TineK=)
Ha ei super helg alle kjekke=)

fredag 16. september 2011

Walk-in

God kveld alle kjekke der ute! I dag har eg hatt fri frå jobb. Det har rett og slett vore hærleg. Trass i at dagen har gått med på ein del huslege aktivitetar, har det vore deilig med fri. Har fått shina over heile kåken og i tillegg baka litt. På sånne dagar så kjenner eg at det skal bli deilig å gå ut i permisjon om tre veker.
Tenkte eg ville dela kleskåpet mitt i kveld eg. Sjølv om det berre er ein brøkdel av kleda som passar, så er det ein fryd kver gang eg skal kle på meg likevel. Herr Blåbær har fått ein bitte liten del av skåpet. Kan hende han må flytta ut om ei stund. Får sjå kor grei han er;) 

No blir det kos på sofaen resten av kvelden. Trur kanskje det blir litt peiskos i kveld óg:) 

Dette er grunnen til at kun ein brøkdel av kleda passar;)




Ynskjer alle ei riktig god helg, og ein super kveld=)

onsdag 14. september 2011

Smakebit

Sjølv om ikkje huset er heilt ferdigmala så kan de få sjå korleis det har blitt uansett. Søylene vart sjølvsagt prikken over i'en, og me er svært nøgde så langt. De skal få fleire bilete av huset etterkvart som me får på den siste finishen med kosten:)


Jammen har me ikkje fått litt plen også!

Ha ein fortsatt fin kveld=) 

tirsdag 13. september 2011

Peiskos

Knitring i peisen... ingenting er meir kos enn det:)



God natt alle kjekke der ute=)