Sider

mandag 22. juli 2013

Fine dagar...


i Blåbærvegen for tida. Har vore i Oslo i helga og kosa oss glugg på Tusenfryd med borna og vener. No nyter me late sommardagar i Blåbærvegen. I dag har me vore på tur til heimplassen min i vakre Årdal. Bading og moro heile dagen. Så utruleg hærleg med sol frå skyfri himmel. Huset ser ut som det bør gjere, skikkeleg sommarpreg, med rusk rundt om kring. 

No er det tid for kos og hygge, spelekveld i godt lag=)

Snakkast!

Linda

tirsdag 16. juli 2013

Detaljar




God kveld i heimen! Ein liten tur innom for sei hei og for å visa dei fine pom-poms'a eg har hengt opp på rommet til Alva. I dag har me hatt ein skikkeleg ryddedag inne, sidan vêret ute er så trist. Regn, regn og atter regn. Kjedeleg! Uansett, me har rydda rommet til Odin, og bytta litt plass på møblar. Vart fint! Så har me kasta ein haug med rusk-rask leiker, og pakka vekk det me skal gje vekk til andre born som treng det meir enn Odin. Har tilsamen pakka ned tre bossekker med klede og leiker som me skal gje vekk. Det blir henta i september, og blir frakta nedover og austover i Europa. Får ei god kjensle av slikt:) 

Håpar du har ein fin kveld der du er, regnvêr eller ei =)

Linda

søndag 14. juli 2013

Brødlaupsdag!





Hei hå i stova! Tenk at det er eit år sidan me gifta oss i dag. Ein heilt ubeskriveleg fantastisk dag, eg aldri kjem til å gløyma. Tida går så utruleg fort. Eit år som gift har gått svært så bra, men må innrømma at det har gått akkurat like bra som før me vart gift. Altså me var vel egentleg "gift" før me gifta oss:) Med hus og ungar, så var eit bryllaup berre prikken over i'en, pluss at eg har fått nytt etternamn. 

Den øverste etasjen av bryllaupskaka vår har lege i frysaren i nøyaktig eit år. Me var utruleg spente på om den var like god eit år etter, og ja, det var den. Me har framleis igjen, så eg trur eg må intivera nokre kjekke naboar på ein "bryllaupsreunion" i morgon.

Ha ein strålande kveld=)

Linda

onsdag 10. juli 2013

Ser du det?



God kveld i stova!

Ser du at det har blitt malt her? Tenker meg at det er vanskeleg å sjå for deg. Me ser vertfall stor forskjell. Utruleg kor mykje eit strøk har å seie. Enda litt malejobb igjen før me er heilt ferdige. Ååå, eg gledar meg sånn til alt er ferdig. Kjenner eg er stiv og støl i heile kroppen. Men der er verdt alt strevet:)

Ha ein fin kveld vidare=)

Linda

tirsdag 9. juli 2013

Pom-poms


Åååå, pom-poms er det søstaste eg veit om. Hadde det vore opp til meg, hadde eg ville hatt det rundt om i heile huset. Kan nesten ikkje det, men har lyst. I kveld har eg laga eit par som Alva kan ha på rommet sitt. Det er vel lov? Eg har mykje silkepapir igjen frå bryllaupet, då planen var å fylla festlokalet med desse hærlegheitane, men tida strakk diverre ikkje til. Skal henga, Alva sine dus-rosa, opp i morgon den dag. 

Ellers så går det også framover med malinga. No har me kun igjen det som me må ha lift til å mala. Høgt hus, og kjem ikkje til med stige over alt. 

Ha ein fin kveld vidare=)

Linda

lørdag 6. juli 2013

Vakre pioner!



God kveld i stova! Då er me halvvegs ferdige med å mala huset. Kjedeleg arbeid, men det blir fint. Ser tydeleg at det berre var eit strøk no. Fargen blir mykje tettare og fin på det andre strøket. Kan ta eit bilete i morgon, men det er sikkert vanskeleg å sjå på bilete.

Har kjøpt meg favorittblomen for helga, nemleg pion. Elskar pioner, minnar meg om brudebuketten min. No luktar det pioner i heile huset. Tenk at me snart har vore gift i eit år. Tida flyg! 

No må eg flyga...grillfest i Blåbærvegen i kveld. Blir kjekt! 

Ha ein super laurdagskveld der du er =)

Linda

onsdag 3. juli 2013

Lampeluftig


Denne hærlege godsaken har eg gått til innkjøp av i dag. Utruleg vakker lampe, Vita Eos. Den er laga av kvite fjær. Har tenkt å henge den opp i stova, viss det passar seg slik. De skal sjølvsagt få sjå når den er komme på plass. Lita, men egentleg stor glede for Fru Blåbær.

Ungane er akurat sendt på hyttetur med besteforeldra, så no skal eg halda fram med glasvasken min. Gledar meg...hihi! ;)

Ha ein fin dag vidare=)

4B0F1F548DC27BA4C2148712C1AB602A.png


tirsdag 2. juli 2013

Gravetid


Sånn ser det ut hjå oss i dag. Litt graving må til for å få det slik ein vil. Det å få orden på alt utandørs tar tid. No har me budd her i to år, og framleis er det mykje å gjere. Det største er sjølvsagt garasje. Søknaden er sendt, så får me sjå om me kjem i gang i år. Time will show! 

I dag byrja eg på den berømte glasvasken. Har fått unna nesten alt i fyrste etasje. Men med over 30 vindauge tar det tid. Håpar eg blir ferdig i morgon. Det verste med det at vindauga er reine, er at det berre er eg (og kanskje mamma) som ser at dei er vaska;)

Så startar me med malinga til helga, hurra!

Vonar du har ein fin kveld der du er =)

4B0F1F548DC27BA4C2148712C1AB602A.png

lørdag 29. juni 2013

Maletid


God kveld i heimen. Huset vårt har faktisk berre fått eit strøk med maling på seg. Då me flytta inn i huset for to år sidan måla me det fyrste strøket. Sidan eg var gravid, gjekk det ikkje så fort i svingane. I fjor var det bryllaup som fylte opp heile ferien, så då rakk me ikkje å ta det andre strøket. Det betyr at Herr og Fru Blåbær lyt brette opp erma, og ta fatt i malepenslane neste veke. Huset ser ikkje så aller verst ut med eit strøk, men eg trur ein kjem til å sjå stor forskjell når me er ferdige. Me målar med fargen "Eggehvit". Fargen ser kvit ut, men er ikkje så skarp som kvit. Dette må vel bli bra?

No har eg besøk av mi kjære syster, så har ikkje tid til å henge innpå her for lenge. No skal me kosa oss.

Kos deg du òg=)


 

onsdag 26. juni 2013

Lysare tider




Hei alle kjære der ute i veven! Det er så lenge sidan eg har blogga, at eg nesten har gløymt korleis eg gjer det. Pausen var i utgangspunktet ikkje planlagt, men når vekene gjekk, bestemte eg meg for å ta ein pause. Travel småbarnsmor med lite å blogga om. Eg vil ikkje berre blogga for å blogga. Eg har lyst til at det skal vere kjekt for alle lesarane også. Eg håpar de framleis vil følga bloggen, trass min slappe periode. 

No har eg lang ferie framfor meg, og har god tid til å vere småbarnsmor og blogga i tillegg :)

Vinteren har vore lang i Blåbærvegen, sikkert like lang for meg som for deg. Ein ting som er heilt sikkert, det er at no er det lyst, og det er sommar (eller nesten vertfall, sola har ikkje lyst til å komma fram for tida). Eg elskar det!

Ynskjer alle ein fin sumarskveld =)