mandag 28. februar 2011

Trappetitrapp!

Hei alle saman! Sidan vinterferien vår gjekk med på skiing, avslapping og litt besøk, er det ikkje så mange bilete eg har teke i ferien. Skibilete har de allereie fått ein god dose av, kanskje det kjem nokre til påske=) På huset har det vore ei stille og roleg veka. Elektrikaren er ferdig med sitt arbeid, også røyrleggaren. Eg trur snikkarane byrjar med taket i 2. etg i morgon. (Da skal eg legge inn nokre bilete.) Gledar oss!!=) 

Då tenkte eg at eg ville visa kva slag trapp me har valt til huset. Det er ei trapp frå Strynetrapp, Fiol, kvit med tette trinn og den skal gå rett opp. Ganske genialt, for sidan me ikkje har teikna inn boder i huset, har me tenkt å tette den igjen under, å gjera det om til bod. Har ikkje funne ut kva slags farge me skal ha på trinna, men trur dei blir kvite. Er ikkje sikker. Hmmm... Må inn i tenkjeboksen igjen trur eg:)


Ha ein super kveld:)

Klem frå 



3 kommentarer:

  1. Ha samme farge på trappa som du har på golvet ellers i huset. Kvit er fint men syner mykje støv og rusk............du er sjef

    SvarSlett
  2. Var akkurat det eg skulle skriva og:) ikkje kvite trinn Linda , det synest so godt:)-Silje-

    SvarSlett
  3. Ser fin ut men ikkje så trygg sidan ungen ha dåtte ned..noko å ta i betraktning. Ke med heis? :)

    SvarSlett