onsdag 9. februar 2011

O'vakre veggar!

I kveld tok eg meg tida til å ta med speilrefleks´n opp i huset for å ta nokre bilete. Framgangen i Blåbærvegen er heilt fantastisk, og veggar er delte inn i nesten heile huset. Det er berre badet nede som manglar. Hadde håpa kanskje me kunne ha byrja med sparkling av veggar i vinterferien...*håpar*. Det hadde vore heilt supert:) PS. Øve meg litt på å ta bilde utan blits, tykkje ikkje det vart så aller verst. Er ganske fersk på speilfronten, så tips mottas med takk!!=)

Dette er i hallen, frå ytterdøra. Trapp kjem til høgre.

I spisestova frå kjøkenet.

Mot hallen frå spisestova.

Mot innerstova. Her kjem det ein vegg, der det stikk opp eit kvitt røyr. Det blir badet i 1. etg.

Mot kjøkenet, frå vaskerommet.

God natt alle kjekke!:)

1 kommentar: