søndag 27. november 2011

Alva er her

God kveld alle kjekke der ute. 1. søndag i advent og eg er endeleg klar for litt blogging igjen. 11.11.11 fekk me endeleg helsa på den lille og søtaste jenta som me har venta på i 9 månader. Heilt fantastisk følelse å bli mamma igjen, og lille Alva er heilt nydeleg. Me kosar oss glugg, og har tenkt å nyta tida framover. Sidan datoen vart årets mest spesielle, vart me kontakta av aviser, radio og lokal-TV den dagen ho vart født. Her kan du lesa det eine innlegget i lokalavisa her i Sogn. Ho vart født kl. 01.02 på natta, den 11.11.11. Har spøka ein del om at ho burde ha komme kl.01.01, 11.11.11!! =)

Skal koma attende med litt bilete etterkvart.

Ha ein fortsatt koseleg 1. advent=)

6 kommentarer:

  1. Ja, såg det oppslaget i avisa ! Gratuler so mykje med Alva ! :) Hehe, ho skulle ha komme 1 min før ja ;)

    SvarSlett
  2. Gratulere så masse med jenta:) Veldig flott dato altså!! Har kikka innom deg ei stund, fint hus de har fått:)

    Klem frå Ann

    SvarSlett
  3. Heisann :)

    Gratulerer så mye med lillejenta :) Lurte bare på en ting..den fondveggen på soverommet deres..kunne jeg fått fargekoden? Er den helt grå eller går den i blått? Virker ulik på de to bildene du har lagt ut ser du ;)
    Ha en fin førjulstid sammen med dine.

    Mvh Aina :o)

    SvarSlett
  4. Tusen takk alle:)

    Fargen på soverommet går i blått. Har ikkje koden, men denheiter vertfall skyggeblå og er fra jotun. Du finn fargekoden på heimesidene deira sikkert:)

    Linda

    SvarSlett
  5. Gratulera me vetlejenta! venta i spenning på bilde ;)

    SvarSlett