onsdag 25. april 2012

Pink og Puff



 Det er under tre månader til den store dagen vår og planlegginga er godt i gang. Fekk sendt ut alle invitasjonar i helga, og byrjar no å så smått å få tilbakemeldingar på kven som kan komma. Vart litt fleire gjester enn me hadde tenkt, men eg tenker "the more, the merrier". ;) Kjolen min kjem denne veka...G L E D A R meg veldig til det vertfall. Må passe på å få gøymt den slik at ikkje Herr Blåbær får auge på den. I hallen heng det to små utruleg søte brudepikekjolar med skikkelig puff og rosa sløyfebånd. Veldig koseleg at dei heng der litt. Trur eg må henge dei inn i eit skap veldig snart. No skal eg surfa litt rundt på veven på jakt etter litt dekorasjonsinspirasjon.

Fin kveld til alle:)



1 kommentar:

  1. Kjempe fint, men kan du begynne å blogge litt oftere????
    Du er en så flink blogger(NÅR DU FØRST BLOGGER)

    SvarSlett