Sider

onsdag 9. mai 2012

Prinsesserom

Bilete lånt frå www.lykkemamma.no


 God aften alle ute i veven! Alva er moden for eige rom. Eg føler eg må lage det koseleg til, før eg flytter ho over i nye omgjevnader og i ny seng. Etter litt leiting på veven så fann eg denne nydelege sengehimmelen på lykkemamma.no. I tillegg har eg kjøpt litt stoff på stoffogstil.no, så eg har tenkt å sy gardiner til lille blåbærjenta. Er ikkje noko racer på symaskin, men tenker at dette bør eg fikse. Så trur eg det blir ein liten runde på nye IKEA på Åsane etterkvart. Har sett på ein slags skjenk eg har tenkt ho skal få ha på rommet sitt. Lurt å ta litt etter litt:)

God natt=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar