fredag 12. oktober 2012

Haustferie



God kveld i veven! Både Blåbærfamilien og bloggen har teke haustferie denne veka. Men no er me tilbake for fullt, vertfall her inne. Herr Blåbær har vore på kollegatur til Wien i byrjinga av ferien og kom tilbake med mange fine gåver til gjengen i Blåbærvegen...koseleg. Godt å få han heim igjen var det óg, trass i at eg har kosa meg med ungane dei dagane han var vekke. Resten av haustferien, som egentleg var fullbooka av aktivitetar, har vore fyllt med blanka dagar. Ingen planar! Det har rett og slett vore HÆRLEG! Resten av helga skal også vere slik. Så no ser det ut som eg faktisk blir ferdig med Skappel-gensaren. Har til og med komme i gang med takkekortskrivinga...yeah! 

Kaldt er det også...og ingenting er koslegare enn knitring frå peisen om kveldane. Blir varmt her inne i kroken. Og det har oss ingenting i mot.

Vonar du får ei HÆRLEG helg, planar eller ei =)

 

1 kommentar: