onsdag 3. oktober 2012

Tidsknipe...




Etter at helgane våre har vore fulle av kjekke ting for tida, og kvardagen til tider er litt for hektisk, har det vore slappe tilstandar med tanke på spanande fornyingar i heimen. Føler eg har blitt hengande etter med mange ting eg kunne tenkt meg å få gjort unna. Tallerkenhyllene som eg skulle mala er framleis trekvite, Skappel-gensaren er enno ikkje ferdig, takkekorta ligg ferdig stabla klare til å få takkeord og helsingar på seg og ein del andre småting som skal ordnast i heimen ligg på vent. Får trøsta meg med at det er rolegare tider i vente, så då får arbeidsånden koma til Blåbærvegen igjen. Kanskje nytta haustferien til noko fråfallande arbeid sa du? Nei, haustferien er også fullpakka med kjekke ting som skal skje. Så etter den...då er me klare.

Ha ein fin kveld=)

2 kommentarer:

  1. hei linda:) veldig fin og inspirerende blogg du har:) bare lurte på garderobeskapene som du har i gangen? hvor er de fra? utrolig fint når de har takhøyde!! takk for svar:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Takk for fine ord om bloggen. Skapa er frå Ikea:)

      Linda

      Slett