Sider

fredag 2. november 2012

Bursdag i Blåbærvegen

Etter ei travel tid på jobb, er det godt å avslutte med bursdag i heimen. No går det slag i slag framover. Meg i dag, Odin i morgon og Alva neste helg. Tenk at ho fyller 1 år allerede. Tida har gått heilt vanvittig fort, så fort at det nesten er litt ekkelt(!) Herr Blåbær er ferdig med pappaperm på onsdag, og Alva er klar for barnehage frå 1. desember. Det blir spanande. 

I dag er det heile 28 år sidan eg kom til verda. Dei siste åra har for min del også gått skremmande fort, og om to år er eg 30!! Veit ikkje om det er bra eller dårleg...time will show. Uansett så har dagen vore strålande med fine gåver og mykje merksemd. Det likar vel alle og ein kvar trass alder. No har eg landa på sofaen og skal nyta dei siste timane av bursdagen min. I morgon er det ein 8-åring i huset, med mange flagrande lystige sommarfuglar i magen. Tippar han blir nøgd med gåvene som ventar. 

Ha ein hærle kveld, og ei riktig god helg=)

 

6 kommentarer:

  1. Så koselig! :-)
    Ha ei hurrameg'fylt helg alle saman <3

    Kos frå Hanne ö

    SvarSlett
  2. Gratulerer med dagen!
    Kjempefint hus du har og mye inspirasjon å hente her på bloggen din:) Kommer tilbake en dag jeg har litt bedre tid!
    Karen:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med dagen til deg og de andre :)
    Kos dere med feiring :)

    SvarSlett
  4. Gratulra med veloverstått. Og gratulera til Odin i dag. Ha i fin bursdagshelg.

    SvarSlett
  5. Gratulera med overstått, Linda!! :)

    SvarSlett