Sider

onsdag 28. november 2012

Julebling i hallen


 


God kveld alle ute i veven. I kveld greidde eg ikkje venta meir. Eg berre måtte pynta minitreet vårt som me også hadde i hallen i fjor. Det har fått sin faste plass, og skal stå her å glitre heile desember. Dette treet får ein del innslag av raudt, sidan hovudtreet blir "raudlaust". Dessutan så er dette ungane sitt tre, med englar, kongler, hjerter og søte fuglar. Som lys har surra rundt to lyslynger som går på batteri. Slike slynger er heilt genialt. Kan surrast rundt kva som helst. Kan til og med gje litt lys og varme til det komande peparkakehuset. Håpar me får tid til litt peparkakebakst i helga. I år blir det ein ny versjon av huset som eg laga i fjor. Ikkje så mange endringar, men litt.

Det var kveldens oppdatering frå Blåbærvegen. Her er det fotballkamp på TV,  som for min del berre blir sett med eit kvart auge;)

Ha ein super kveld vidare=)

6 kommentarer:

  1. Kjempefint og koselig juletre:) jeg har også lyst på noe slikt, hvor har du kjøpt treet? Førjulsklem, Fruen i Nord

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Treet er kjøpt på Bohus i fjor:)

      Linda

      Slett
  2. er julekulene fra bohus også?,så søte!!:)

    SvarSlett
  3. Er julelys-slynga derifra også?:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eg litt usikker på. Eg har to forskjellige på treet. Den eine er frå IKEA vertfall:) Har kjøpt litt her og der:)

      Slett