onsdag 30. januar 2013

Loftstove i dagslys





Planleggingsdag i BHG i dag, så meg og Alva har hatt ein koseleg heimedag saman. Mykje leik og kos har me fått tid til. I tillegg har eg fått tatt nokre bilete i dagslys. Har vore mange mørke bilete den siste tida, så i kveld kjem det nokre av den lyse sorten. Har fått ein del spørsmål om eg kan visa fram loftstova vår. Den trur eg faktisk ikkje eg har delt her før. Vertfall ikkje sidan me flytta inn i huset. Eg kan seie at dette er den mest uferdige delen av huset. Planen er å lage ein kontor-/bibliotekdel, som lærarane Herr og Fru Blåbær kan nytta til skulearbeid. Har egentleg ein konkret plan på korleis det skal bli, men som med alle andre ting i eit stort nytt hus; ting tar tid! 
 
Ha ein framleis fin aften=)

 


3 kommentarer:

  1. Hei :)
    Kjempefin blogg du har! Er dette eit kataloghus og kva heiter huset? Har de gjort nokre endringar? Meiner å hugse du har skrive kva hus det er men finner ikkje innlegget igjen. Nydelig hus hvertfall, verkar som eit veldig praktisk hus :)
    Mvh Marianne

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eit kataloghus i utganspunktet ja. Men me har endra på fasade og romløysingar. Huset heiter Skjong frå Byggmann:)

      Slett
  2. Kos med hjemmedag, så man får ekstra tid med disse små :)
    Flott andre etasje :))

    SvarSlett