Sider

tirsdag 6. august 2013

Haustmodus?



God aften ute i veven. Fyrste dag på jobb i dag, etter fleire veker med ferie. Var litt godt, men og litt trist å tenka på at årets sumarferie er over for i år. Har faktisk fått eit snev av haustkjensle. Då får eg lyst til å spøta, så har byrja med noko der eg ikkje treng å tenka så mykje, nemleg å spøta vaskeklutar. Ganske enkelt, og i tillegg så er dei veldig gode, òg du får dei i den fargen du vil. Har laga nokre frå før av, og dei blir flittig brukt. Strikkar i bomullsgarn, så då tåler dei ein real runde i vaskemaskina også.

Har du lyst å lage ein slik så er oppskrifta (som eg har tjuvlånt frå ei god venninne, kred til deg Malene;)): Legg opp 40 masker med Petunia på pinne nr. 5, strikk deretter ein omgang rett, neste omgang strikkar du ein rett og ein vrang...slik held du fram. Annakvar omgang rett og rett/vrang. Easy!

Ha ein fin kveld, om du spøtar eller ei=)

Linda


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar