Sider

tirsdag 13. september 2011

Litt etter litt!





Snart ha eg tenkt å leggje ut bilete av stova vår i Blåbærvegen. Men det er eit par småting eg vil ha på plass fyrst. Ventar på dei to siste stolane til spisebordet, ei lampe er på veg frå TineK, ei lampe skal hengjast opp over spisebordet og eit TV-bord er like rundt hjørnet. Vil jo sjølvsagt visa når ting er på plass. Ting fell på plass litt etter litt. Når ein i utgangspunktet har svært lite stæsj, så tar det tid å fylle opp ei heil stove. 

I helga fekk me testa peisen for fyrste gong.  Trur kanskje me fyrer opp i kveld også. Ikkje for at det er for kaldt inne, men rett og slett for å nyta vår aller fyrste peis, og den koselege knitringa og stemningen peisen gir. Dessutan er det ekstra kos når det er verkeleg byrja å bl haust ute:) Skal sjå om eg får lagt ut eit bilete av peisen seinare, så får det vere ein smakebit av korleis me har fått det i stova vår.

Foreldremøte og trim next, så snakkast me enn så lenge:) 

Stor klem 

 

mandag 29. august 2011

Min nye bestevenn

Han har allereie budd i Blåbærvegen 2 i ei vekes tid, har vore med meg på fleire brødbakstar og kakebakstar og ser vanvittig flott ut der den står. Er særs nøgd med mi aller fyrste kjøkkenmaskin, hærlege kremkvite Kitchen Aid:) 

I morgon står 3D ultralyd for tur. Gledar oss til å få helsa litt på det lille underet inni magen.





Ha ein fortsatt fin aften alle kjekke=)

søndag 28. august 2011

Master bedroom

God aften alle kjekke der ute. Beklagar for slapp oppdatering (igjen), men å byrja på jobb igjen etter 2 mnd ferie med stor mage har vore litt tungt. Er fortsatt ein del ting (garderobeskap, gjesterom, babyutstyr) som ikkje er heilt på plass i huset enno, så ettermiddagane går stort sett til det. Herr Blåbær er nesten ferdig å mala huset utvendig, i tillegg har me fått laga litt plen. Ska få bilete av huset når det er ferdig mala:)

Uansett, her kjem litt meir bilete som eg har lova. Master bedroom, med berre seng: Ynskjer meg nattbord og to puffar til å ha ved fotenden av senga. Så viss nokon vil kjøpa..ja, takk gjerne:)



Ha ein fortsatt fin kveld=)

lørdag 13. august 2011

Bad 2. etg

God aften! No har eg akkurat hengt opp gardiner på soverommet vårt. Slik er det eg nyttar laurdagskveldane mine no. Har vore meir nettlause i det siste, så eg har diverre ikkje fått komme med fleire bilete. No har me endeleg fått nett igjen, og vonar det blir verande permanent framover. (Nettleverandøren har ikkje spelt heilt på lag med oss.) Badet i 2. etg, som også er hovudbadet vårt, er me ganske så nøgde med. Gråe fliser, høgglansa innreiing og badekar med løveføter:) Eit lite bilete til slutt av meg og den stadig voksande magen;)



 God natt alle kjekke der ute!


torsdag 4. august 2011

Kjøkken

Kjøkkenet er i grunn eit av dei romma som er mest "ferdig" viss eg kan sei det. Med det meinar eg at det har komme litt meir "stæsj" her enn i andre rom. I tillegg er øya vår ein enorm møbel i seg sjølv. Manglar gardiner og litt meir dill og dall rundt omkring. I tillegg manglar kjøkkenbenken ein bestevenn som kjem snart; nemleg ein herleg kremkvit KitchenAid...GLEDAR meg=)=)










God natt:)

onsdag 3. august 2011

Badet i 1. etg

God kveld alle kjekke! Når ein flyttar inn i hus, så får ein mykje besøk. I dag har det vore fullt hus nesten heile dagen. Da er det koseleg å roa seg ned på sofaen med ein solid bloggrunde:) Som eg har lova, så skal eg visa fram rom for rom på bloggen. Så her kjem bilete av badet nede: (Manglar dusjveggar, kjem ein av dagane)



 Ha ein fortsatt fin kveld:)




tirsdag 2. august 2011

Velkommen til Blåbærvegen

Tenk at det har gått over tre veker i huset alt. No har me endeleg fått internett, så då kan eg endeleg få visa fram det flotte huset vårt. Ja, eg tykkjer eg har lov til å seie at det er flott, og at me er veldig nøgde. Er sjølvsagt ein del ting som gjenstår av møblar og diverse interiør, men reknar med det kjem etterkvart.

Eg tenkte at eg ville vise rom for rom, og da må eg vel byrje med hallen:







Stor klem=) 

tirsdag 12. juli 2011

ENDELEG!

Endeleg har me flytta inn i Blåbærvegen=) Me flytta inn på fredag og har sidan det berre gått i lykkerus. Å flytta frå ei lita leilegheit til eit stort hus er litt av ein overgang. Når det i tillegg er draumehuset, er lykkerus ein sjølvfølge:) Har hatt litt kluss med breibandsbestilling, så me er framleis internettlause. Har fått lånt meg litt nett i dag, så eg fikk betala rekningar og oppdatera her på bloggen. Kjem sterkare attende med bilete frå herlegheita så snart eg har fri tilgang til verdsveven.

På kjøkenet for kring 6 mnd sidan:)


onsdag 29. juni 2011

Husets midtpunkt



Endeleg!!! I dag kom trappa:) Hærleg følelse var det verkeleg. Ja, eg veit at det er mykje som er hærleg for tida, men det må til, for då nærmar det seg innflytting. Det vart heilt kvit trapp på oss, og eg angrar ikkje. (Ikkje enno vertfall.) Den var verkeleg heilt nydeleg. Hovudbadet er også ferdig. Kjem skikkelege bilete etterkvart. Her ser de innreiinga i kvit høgglans frå Kvik og håndtak frå Lisbeth Dahl.

Ha ein fortsatt fin kveld=)

tirsdag 28. juni 2011

Det nærmar seg

God kveld i stova alle saman. Beklagar for slapp oppdatering frå denne fronten. Men som de sikkert forstår så er det hus, hus og atter hus som står på programmet om dagen. Medan Odin er på SFO, jobbar eg og Herr Blåbær med diverse monteringsarbeid. No er alle garderobeskap og Ikeakjøkenet på vaskerommet ferdig montert. Dørar er på plass, vatn fekk me i dag og i morgon blir det lys. Hurra!! Me gledar oss STORT, og satsar på innflytting om ei vekes tid. Det siste som manglar no, og som kanskje er det viktigaste er trappa. Den kjem denne veka. Skal ta ein del bilete etterkvart, så skal de få sjå:) 

To bilete eg har teke i full fart med mobilen:

Blandebatteri på kjøkkenet. fliser kjem opp denne veka.


Ha ein fortsatt fin kveld:)